NRK Meny
Normal

Nyvald Sp-leiar møtt med klem - og tøffe krav

BALESTRAND (NRK): Sigurd Erlend Reksnes (39) frå Eid er ny fylkesleiar i Senterpartiet. Frå sine eigne beskjeden klar: Skjerp kommunesamanslåingsprofilen.

Sigurd Erlend Reksnes vald til ny fylkesleiar i Sp

LEIARSKIFTE: Sigurd Erlend Reksnes er den fyrste nordfjordingen på 67 år som blir vald til leiar i Sogn og Fjordane Senterparti. Her får han gratulasjonsklem av avtroppande fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter.

– Viss de meiner at eg skal bli fylkesleiar, så er vel det ein god ide då, takka den nyvalde fylkesleiaren i Senterpartiet, Sigurd Reksnes, frå talarstolen.

For det hausta eidaren latter og klappsalver frå dei 135 delegatane på fylkesårsmøtet i Balestrand, samt ein spontan replikk frå sambygding Margreta Navelsaker:

– Eg tykkjer det er ein skikkeleg god ide. For det er 67 år sidan sist ein nordfjording blei vald til fylkesleiar i Senterpartiet, så no var det på tide.

«Merkverdig spake»

Men under generaldebatten på fylkesårsmøtet kom det òg fram krass kritikk av det sitjande fylkesstyret i kommunereformsaka. Det er ei sak Senterpartiet er grunnleggjande skeptiske til, noko partileiar Trygve Slagsvold Vedum reiser land og strand rundt og held glødande innlegg om.

Bjarne Bø

KRITISK: Bjarne Bø, leiar i Gloppen Sp, forventar at det nye fylkesstyret reinskar røysta i kommunereformsaka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Leiinga i Sogn og Fjordane Senterparti har derimot vore påfallande spake i denne viktige saka for fylket. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at dei ikkje skal vera litt meir frampå i denne viktige saka, seier leiar Bjarne Bø i Gloppen Sp.

Bø er ikkje usamd i sjølve kommunereformstandpunktet til Sogn og Fjordane Senterparti – om at frivilligheit og folkerøysting skal vera føresetnader, men det er måten leiinga har kunngjort bodskapen på som Bø meiner er «merkverdig spak»:

– Eg forventar at det nye styret fremjar vårt primærstandpunkt tydelegare i samfunnsdebatten.

Navarsete: – Krasjar mot grunnverdi

Nettopp den skarpe retorikken mot kommunereforma var éin av fleire årsaker til at Senterpartiet gjorde eit historisk godt fylkestingsval i fjor haust, med 33 prosents oppslutnad og Jenny Følling (Sp) som ny fylkesordførar.

Også stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) etterlyser skjerpa kommunesamanslåingsprofil:

– Kommunane må gjerne snakka saman, men Senterpartiet må ha ei grunnhaldning. Det forventar folk, og me treng å bli tydelegare. Det gjeld òg meg sjølv, sa den tidlegare partileiaren frå talarstolen.

– Sentralisering er det same om ein sentraliserer til Oslo eller til eit kommunesenter i vårt fylke; det er den same dynamikken som slår inn, og det krasjar mot Sp sin grunnverdi om desentralisering.

Leidulf Gloppestad

REFORMSKVIS: Leidulf Gloppestad i Gloppen er ein av fleire Sp-ordførarar i fylket som har forhandla fram intensjonsavtalar om kommunesamanslåing.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

«Registrerer det som blir sagt»

– Eg registrerer det som blir sagt, og me skal vera eit tydeleg parti, svarar den nyvalde fylkesleiaren Sigurd Reksnes, som òg var 1. nestleiar i det avtroppande styret, på kritikken.

– Er det krevjande for Sp å vera tydeleg i ei sak, der de har fleire ordførarar som har forhandla fram intensjonsavtalar?

– Eg ser ingen grunn til å kritisera ordførarane våre. Vår motstand mot reforma handlar om måten ho blir driven gjennom på, der regjeringa har sett i gang eit strukturarbeid utan at kommunane veit kva oppgåver dei skal få. Ordførarane våre må gjera det kommunestyra bestemmer, seier Reksnes.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser