Hopp til innhold

Sigbjørn si samling speglar 100 år lang historie

Sigbjørn Hjelle i Selje har ei interesse heilt utanom det vanlege.

Sigbjørn Hjelle

STOR INTERESSE: Sigbjørn Hjelle har ei heilt spesiell samling av kamera.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Den pensjonerte læraren samlar nemleg på gamle fotografiapparat. Heime har han ei stor samling med kamera, og det eine er faktisk 100 år gamalt neste år.

– Her har eg det eldste kameraet mitt. Det er frå 1918, så vidt eg veit. Det er frå ein periode ned dårleg optikk. Difor har dei lange belgar.

I gangen i huset sitt i Selje har Hjelle eit glasskåp med rekkje på rekkje av gamle og ein del litt nyare fotoapparat.

Kamerasamlinga til Sigbjørn Hjelle

HØG VERDI: Samlinga til Sigbjørn speglar nær 100 år med fotohistorie.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dei eldste apparata er frå ei tid då veldig få hadde tilgang til noko slikt.

– Seinare kom det kamera som er kjende som bokskamera. Det vart meir allemannseige, og dei har eg ikkje brydd meg med å samle på.

Kona Oddrun synest samlinga tek vel mykje plass.

– Men det er no greitt for meg. Og no har han vel fått tak i dei kameratypane han har lyst til å ha.

Sigbjørn seier det er ein del menneske som blir spørjande og litt imponert når dei kjem inn i huset og ser alle fotoapparata.

Har undervist i foto

I tillegg til rundt 100 kamera har han ein del linser.

– Eg har til og med ein gamal filmframvisar som for ei tid sidan vart presentert i Jul i Nordfjord. Far min hadde også interesse av fotoapparat, og han kjøpte filmframvisar som han brukte i skulen ute i Eltvika frå 1924.

Sigbjørn Hjelle
Foto: Harald Kolseth / NRK

Som far, så son, både yrkesmessig og når det gjeld interessa for kamera. Sigbjørn har kombinert interessa med lærargjerninga si. Han underviste i foto som valfag.

– Vi hadde mørkerom på Selje skule og fleire kamera. Vi tok foto, framkalla film og laga bilete og stod på. Det var veldig artig.

Til Nordfjord folkemuseum

Sigbjørn Hjelle har brukt ei auksjonsside på internett for å få tak i mange av fotoapparata han har i samlinga si. Fann han eitt som han ville ha, baud han på det.

– Ofte fekk eg tilslaget. Dei eg har kjem frå heile Norges land. Det er ikkje alle som er så veldig gamle.

Han brukar dei ikkje til å ta bilete.

– Det er nok reine museumsgjenstandar, så eg har lurt på kva eg skal gjere med alt saman. Kanskje eg skal tilby det til Nordfjord folkemuseum på Sandane. Eg har til dømes det kameraet far min hadde. Han tok veldig godt vare på tinga sine, det ser ut som det kom frå fabrikken i går.

Kamerasamlinga til Sigbjørn Hjelle

VAKRE KAMERA: Designen av fotoapparat har endra seg mykje med åra.

Foto: Harald Kolseth / NRK