NRK Meny

Sier nei til sjødeponi i Førdefjorden

Miljødirektoratet fryktar for fiskelivet, og seier nei til Nordic Mining sine planar om deponering av gruveavfall i Førdefjorden. Nordic Mining meiner direktoratet manglar kunnskap.

Innbyggjarar i Vevring feira gruve-nei med fiskekaker

FEIRA: I fjor feira innbyggjarane eit førebels nei frå Miljøverndepartementet. I dag kan dei plukke fram att fiskekakene etter nok eit nei.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Direktoratet legg vekt på miljøfaglege omsyn når dei vender tommelen ned for gruveselskapet sine planer om å etablere eit deponi for gruveavfall i Førdefjorden.

 Ellen Hambro

DIREKTØR: Ellen Hambro er direktør i Miljødirektoratet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Nordic Mining har planer om å vinne ut rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune. Drifta kan på sikt gi 300 arbeidsplassar.

– Vi har fått stadfesta at det er liten risiko for at partiklane vil spreie seg ut av deponiet. Så har vi fått ny informasjon om at det er føde- og oppvekstområde for mellom anna blålange som vil bli utradert dersom deponiet legg seg oppå, seier direktør Ellen Hambro hos Miljødirektoratet.

Ny informasjon

Nordic Mining vart av Miljøverndepartementet oppmoda om å komme med nye opplysningar. Dåverande miljøvernminister Bård Vegard Solhjell (SV) utsette saka i fjor for å få vite meir om konsekvensane av å deponere store mengder gruveavfall i Førdefjorden.

Det er desse opplysningane, samt kommentarar frå Havforskingsinstituttet, som no er vurdert av Miljødirektoratet.

– For dei fleste artar av naturtypar som kan bli råka, så er ikkje effekten av kritisk betydning. Men blålange, pigghå, ål og kysttorsk, der tre er raudlista, vil det få betydeleg negativ effekt, seier Hambro.

– Vi er overraska over konklusjonen deira. Vår umiddelbare oppfatning er at Miljødirektoratet bygger på eit svakt kunnskapsgrunnlag når det gjeld desse artane, seier direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Han meiner direktoratet ikkje baserer seg på ny kunnskap sidan førre gong dei uttalte seg i saka.

– Vi ser ikkje at dei har noko godt grunnlag for å framheve det dei gjer om desse truga artane, seier Fossum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

SJØDEPONI: Store mengde gruveslam vil bli dumpa i eit sjødeponi i Førdefjorden dersom det vert gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Kritisk for blålange

Spesielt vil eit fjorddeponi få negative følgjer for blålange, som har det planlagde deponiområde som gyte- og oppvekstplass.

Dette er den einaste kjende kystgyteområdet for blålange, som også er raudlista.

– For blålange og pigghå, som er botnlevande fisk, så vil deponiet utradere leveområdet. Siste undersøking viser at dei har sitt gyte og oppvekstområde i dette området. Her er det risiko for at den einaste førebelse kjende kystgyteområdet for lange blir borte, seier Hambro.

Nøgd Haltbrekken

Leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, er svært glad for konklusjonen til Miljødirektoratet.

Leder i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

LEIAR: Lars Haltbrekken er leiar i Naturvernforbundet.

Foto: Are Føli / SCANPIX

– Vi er forferdeleg glade for at Miljødirektoratet legg vekt på fiskeartane som er truga av utrydding i Førdefjorden. Det syner kor alvorlege eit gruvedeponi i Førdefjorden vil ha, seier han.

Ja eller nei til gruvedrift skaper eit veldig engasjement og mange står steilt mot kvarandre. Spørsmålet har i årevis ligge der som ein raud klut for bygdefolket i den vesle bygda Vevring på nordsida av Førdefjorden mellom Førde og Florø.

Forkjemparane viser til at det vil bli skapt fleire hundre arbeidsplassar i tilknyting til gruvedrifta. Motstandardane meiner fjorden blir skada eller øydelagd av dumpinga.

– Stor spiker i kista

Sidan 2007 har selskapet Nordic Mining planlagt gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal. Planane er omstridde, og selskapet har i fleire rundar vore nøydde til å legge fram nye rapportar og utgreiingar om kva konsekvensar eit fjorddeponi og gruvedrift vil føre med seg.

Haltbrekken meiner eit nei frå Miljødirektoratet er svært viktig for dei som kjempar mot gruveplanane.

– Det er uhyre viktig. Klima- og miljøministeren kan umogleg gå god for dei planane som Nordic Mining har. Dette er ein svær spiker i kista til det prosjektet, seier han.

Ivar Fossum

GIR IKKJE OPP: Direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fossum i Nordic Mining vedgår at miljødirektoratet er ei viktig stemme.

– Miljødirektoratet har ei viktig rolle i samband med miljøomsyn. Og den stemma er tydeleg no. Men igjen, vår umiddelbare oppfatning er at dei bygger på eit svakt kunnskapsgrunnlag når det gjeld desse artane dei legg til grunn for konklusjonen, seier direktøren.

Han trur ikkje kampen for sjødeponiet er tapt.

– Absolutt ikkje. Og det presiserer også Miljødirektoratet i sitt skriv.

– Vanskeleg avveging

Lars Haltbrekken føler seg no trygg på at det blir eit endeleg nei til sjødeponi.

– Regjeringa har sagt at kunnskap er viktig. Meiner dei det, må dei legge denne kunnskapen til grunn. Alle seier med tydeleg stemme at vi ikkje kan nytte fjorden som avfallsplass for gruveindustrien, seier Haltbrekken.

– Det er mange faginstansar som har uttalt seg: Kvifor er Miljødirektoratet viktig?

– Det er veldig gledeleg fordi Miljødirektoratet tidlegare generelt har vore positive til gruvedrifta og planar om sjødeponi. Men no er dei veldig tydelege på at dette vil kunne ha veldig negative konsekvensar for naturen i fjorden.

Men miljøverndirektoratet seier også i pressemeldinga at dei ikkje har gjort ei fullstendig veging av miljøomsyn opp mot andre samfunnsmessige omsyn, og at det er «ei vanskeleg avveging mellom motstridande interesser», som høyrer heime i den endelege politiske sluttbehandlinga.

Miljøfaglege råd

Miljødirektoratet har no sendt sine miljøfaglege vurderingar til Klima- og miljødepartementet.

Så vil dei og Fiskeridirektoratet gje sine råd til Kommunaldepartementet, før regjeringa fattar den endelege avgjerda.

– Vi skal gje miljøfaglege råd, så er det til sjuande og sist ei veldig politisk avveging, der ein må vurdere dei negative miljøeffektane opp mot dei positive samfunnsmessige vinstane. Det skal regjeringa gjere, avsluttar Hambro.

13 menneske vart sendt til sjukehus med røykskadar etter brannen i Fjærlandstunnelen måndag.
For å forstå flyktningar betre, budde Katrine Sele tre år på eit asylmottak. No er erfaringane blitt bok.
I Vågsøy er naboar til badestrendene sinte fordi dei meiner at taretråling har ført til at strendene er full av tare.