Hopp til innhold

Gruveselskap etter nye undersøkingar: – Fjorden vil ikkje ta permanent skade

Nye prøvar og rapportar gjort i Førdefjorden har styrka gruveselskapet Nordic Mining i trua på at styresmaktene vil seie ja til fjordedponi og gruvedrift.

Meiner nye rapportar støttar ha til fjorddeponi.

POSITIVT: Rapportane frå dei siste undersøkingane gjort i Førdefjorden, meiner Nordic Mining direktør, Ivar Fossum, støttar opp om at fjorden ikkje tek skade av eit fjorddeponi.

Foto: Montasje NRK

– Vi er av den oppfatning av konsekvensutgreiingane og tilleggsundersøkingane syner at sjødeponi er ei veldig trygg løysing for restmineralar, og at det ikkje vil føre til permanent øydelegging av livet i fjorden, seier Ivar Fossum, direktør i Nordic Mining.

Sidan 2007 har selskapet planlagt gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal. Planane er omstridde, og selskapet har i fleire rundar vore nøydde til å legge fram nye rapportar og utgreiingar om kva konsekvensar eit fjorddeponi og gruvedrift vil føre med seg. Dersom det blir gruvedrift, så er det venta 500 fastlandsarbeidsplassar i tilknyting til prosjektet.

Kjenner seg trygge på godkjenning

Selskapet vil starte utvinning av mineralet rutil, og gruvedrifta vil gjere det nødvendig å kvitte seg med 250 millionar tonn gruveslam. Nordic Mining ynskjer å dumpe dette i eit fjorddeponi i Førdefjorden. Dei siste rapportane skal vere klare i løpet av september, men selskapet har til no ikkje funne noko som tilseier at livet i sjøen vil døy ut på grunn av dette.

– Dersom vi tolkar rapportane for dei tre første treåmånadarsperiodane, så har det gjort oss trygge på det vi har undersøkt tidlegare. No ventar vi på dei siste analysane, seier Fossum.

Gruveselskapet vart pålagde av Miljødepartementet å gjere nye konsekvensutgreiingar i fjor, noko som sette gruvedrifta på vent på ny. Undersøkingane har pågått eit heilt år.

Stor usemje om saka

Det er opp til styresmaktene å ta endeleg avgjerd i saka, men dei har vore splitta i synet. Miljøverndepartementet har vore negative, medan Næringsdepartementet ynskjer gruvedrift. Også fleire faginstansar har vore særs kritiske til planane.

– Når ein lagar deponi så store, då forsvinn vesentlege delar av økosystemet på botnen. Det blir dekka over, dyra forsvinn og funksjonen som botnen har blir lagt aude, seier seniorforskar i Havforskingsinstituttet, Jan Helge Fosså.

Havforskingsinstituttet har sjølve gjort eigne undersøkingar i Førdefjorden, og meiner svara frå desse synleggjer at gruvedrifta vil få store negative konsekvensar for livet i fjorden. Mellom anna må torsk, som har gytefelt i området, svømme gjennom gruveslammet for å kome fram.

Jan Helge Fosså

KRITISK: Analysar og undersøkingar gjort av Havforskingsinstituttet peikar i retning av at livet i fjorden vil få store skadar dersom det kjem fjorddeponi, seier seniorforskar Jan Helge Fosså.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sjølvsagt vil det påverke det marine livet, og dei finare partiklane vil bli spreidde utanfor området som er definert som deponi, seier Fosså.

– Gjekk raskt frå godt til særs dårleg

Engebøfjellet inneheld ein av verdas største førekomstar av mineralet rutil, som blir brukt innan medisin, miljøteknologi og romfart.

Havforskingsinstituttet meiner tidlegare erfaringar frå sjødeponi, som i Bøkfjorden utanfor Kirkenes, syner at det vil øydelegge miljøet og gruveslammet vil spreie seg utanfor dumpingområdet.

– Det tok berre to år frå økosystemet i fjorden der var klassifisert som god, til å bli merka som særs dårleg. Det er dramatisk på så kort tid. Og det gjaldt heile den indre fjorden, om lag sju kilometer frå utsleppet, så det er langt forbi det ein normalt ville tenkt er definert som deponi, seier Fosså.

Utolmodige etter å kome i gang

Gruveselskapet er ikkje samde i kritikken, og meiner det hastar å få på plass ei endeleg avgjerd i saka.

– Det er viktig for våre aksjonærar, først og fremst, at det kjem ei avgjerd frå norske styresmakter knytt til prosjektet. Vi må ha forutsigbarheit slik at vi kan utvikle prosjektet fram mot drift, seier Fossum.

Også gruvemotstandarane i Vevring ventar utolmodige på eit endeleg svar.

– At Nordic mining prøver å påverke saka før rapportane er ferdige og blir lagt fram offentleg, talar ikkje til deira fordel, seier Anne-Line Thingnes Førsund i Fjordaksjonen.

Ho meiner dei førebels svara peikar alle andre stader enn i retning av at ein bør seie ja til eit fjorddeponi og gruvedrift.

– Vi ventar at regjeringa vil avslå søknaden om fjorddeponi, ut ifrå det lovbestemte førevar-prinsippet. Eg kan ikkje sjå at det er lagt fram dokumentasjon som skulle tilseie at det kan vere mogleg å dumpe fleire millionar tonn kjemikalieblanda gruveslam i Førdefjorden utan at den tek skade av det.