Fleire hundre unge kvinner og menn skal få kvar sin utestad å boltre seg på tredje juledag. Det andre kjønn kjem naturleg nok i fokus, fortel dagleg leiar på Windjammer, Øystein Berge.
På eine plassen skal det vere forspill for jenter med jenteting, medan på den andre plassen er det gutane som driv med guteting.
Møtest på samfunnshuset etterpå
Illustrasjon. Foto: Ap Photo
Og guteting, det betyr mellom anna stripping, øl og pizza og motorcross på storskjerm, på Windjammer tredje juledag. På same tid kan jenter frå 18 år og oppover drikke champagne, sjekke ut nakne mannekroppar, dildoar og sexy undertøy på Bar Blue. Seinare på kvelden skal kring 600 unge menneske samlast på samfunnshuset, også der har dei nemleg skjenkeløyve.
Berre for inviterte
Dei to festane har allereie blitt eit heitt tema blant dei unge i Florø. Men det er ikkje kven som helst som får komme. Berre dei med invitasjon. Det vert som ein pyramide. Arrangørane deler ut ein bunke med invitasjonar til sine næraste, som igjen gir invitasjon til sine vener. Så kven som til slutt kjem, er det ikkje heilt kontroll med.
- Positivt tiltak
Sexleiketøy har til no ikkje vore vanleg syn på utestadene i Florø. Men dette tiltaket er berre positivt, seier Berge. I Florø har det vore ein del pessimisme i det siste, og dette er eit forsøk på å få til noko positivt. Dessutan er det eit poeng å få folk ut på utestadene tidlegare enn i dag, då folk først kjem ut i halveitt-tida, seier han. Berge ser ikkje noko kritikkverdig med den noko spesielle romjulsfesten.