Hopp til innhold

Yasmin får bli i Norge – i eitt år

FLORØ (NRK): Ho var sexslave og offer for menneskehandel. I årevis har staten Norge forsøkt å sende ho ut av landet. No får ho bli. I eitt år.

Først i dag skal vi møta Yasmin, ei somalisk kvinne som i 15 år har levd som sexslave. Etter mange års kamp for å få flyktningestatus, fekk ho i romjula opphaldsløyve i Norge. Men berre for eitt år ...

– Eg er kjempehappy, seier Yasmin lågmælt på norsk og engelsk.

Ho sit med falda hender i TV-stova på krisesenteret i Florø. Det nærmaste ho har hatt ein heim.

No har ho fått meldinga om at ho kan bli der. I eitt år til.

Det er Utlendingsnemnda (UNE) som har avgjort at Yasmin skal få eit såkalla midlertidig opphaldsløyve. Det er siste vending i ein årelang saksgang (sjå faktaboks).

Etter 15 år som tvangsprostituert greidde ho i 2009 å rømme frå mannen som hadde heldt henne fanga. Yasmin melde mannen til politiet, men saka blei lagt vekk. Dermed mista ho retten til opphald i Norge.

Ho kom etter kvart til krisesenteret i Florø. Der har ho vore sidan. Samtidig har norske styresmakter forsøkt å sende ho ut av landet. Ho har nemleg allereie fått opphald i Ungarn.

Wenche Hovland

STØTTE: Wenche Hovland har vore ein støttespelar for Yasmin i ei årrekkje.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Husfeiring

– Vi er kjempelykkelege. Vi feirar på huset i dag. Her er det jubel og glede, seier dagleg leiar Wenche Hovland ved krisesenteret i Florø.

– Men det ligg nokre avgrensingar i vedtaket som vi reagerer sterkt på.

UNE har nemleg lagt fleire avgrensingar i opphaldsløyvet.

  • Det gjev ikkje grunnlag for permanent opphald.
  • Det gjev ikkje rett til familieinnvandring.
  • Ho vil i utgangspunktet ikkje få hjelp til busetting.
  • Det gjev ikkje rett eller plikt til å få delta i introduksjonsprogrammet, eller opplæring i norsk og samfunnsfag.

– Den tryggleiken ho trengde med å vite at ho får vere i Norge, fekk ho ikkje.

– Den einaste skilnaden er at ho no får vere lovleg i Norge i eitt år. Det vil seie at politiet ikkje kan kome på døra og hente ho, fortel Hovland.

I Brennpunkt-dokumentaren «Fortell og forsvinn» forteller Yasmin hvordan hun havnet som sexslave i Norge. Illustrasjon: Renate Rognan/Kjersti Lofthaug/NRK

Advokaten hennar, Terje Einarsen, er både glad og skuffa over avgjerda til UNE.

– Dette er første gong at eit forvaltningsorgan realitetshandsamar saka. Men det er berre delar av saka dei ser på. Ikkje det som var hovudkravet. Nemleg asyl.

– Vi meiner at ho er flyktning. Og at ho treng vern, seier advokat Einarsen.

Svimar av og deisar i bakken

Tilbake på krisesenteret sit Wenche Hovland og Yasmin framfor datamaskina og ser på dei mange støttehelsingane som er komne på Facebook-sida hennar.

Dette går inn på Yasmin. Ho trekk inn pusten i eit sårt ynk. Ho veltar frå stolen og deisar i golvet med tungt stønn. Ho har svima av.

Det er ikkje uvanleg, fortel Hovland, som effektivt hentar pute og teppe. Ho får hjelp til å løfte Yasmin inn på ein sofa der ho skal kvile ut. Etter ein times tid plar ho vakne att med hovudsmerter, men ingen minne om det som nettopp har skjedd.

Wenche Hovland med besvimte Yasmin på sofaen

SVIMA AV: Wenche Hovland stryk og trøystar Yasmin. Ho har akkurat svima av, og ligg medvitslaus på sofaen. Ifølgje Hovland er ikkje dette uvanleg.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Tvilar på historia

UNE hadde ikkje høve til å stille til intervju i dag. I det 8 sider lange vedtaket drøftar dei ulike sider ved saka til Yasmin.

Dei problematiserer at ho har gjeve ulike forklaringar til ungarske og norske styresmakter. Ho har sjølv sagt at det var fordi ho var redd for livet sitt i Ungarn, og torde ikkje fortelje om mannen som truga henne. UNE meiner dei ulike forklaringane gjer at også identiteten hennar er usikker. Og difor kan eit opphaldsløyve berre vere midlertidig.

Dei drøftar også helseproblema hennar. Og kjem fram til:

«Imidlertid anser UNE at klageren etter det opplyste har alvorlige helseproblemer og har under tvil kommet til at disse er så store og komplekse at hennes helsetilstand tilsier at det gis en oppholdstillatelse.»

Likevel meiner dei at det er så stor tvil om helsetilstanden at den bør bli vurdert årleg.

NRK Brennpunkt fortalte den dramatiske historia til Yasmin i 2015.

Afrikanske kvinner blir grovt utnyttet som sex-slaver i Europa. Da Yasmin meldte seg for norsk politi, var hun 27 år, analfabet og så syk at hun neppe noen gang kunne få en normal jobb. Hun flyktet fra en mann som har traffikert henne Europa rundt som sex-slave. Norske politikere lover at de som våger å vitne om sine bakmenn skal få beskyttelse, men Yasmins framtid er like usikker nå som da hun var tvunget til å leve som prostituert.

Takksam

Terje Einarsen

ADVOKAT: Terje Einarsen vil vurdere om dei kan få oppheva avgrensingane i opphaldsløyvet til Yasmin.

Foto: NRK

Advokat Terje Einarsen vurderer no kva dei skal gjere vidare. Han seier det er mogleg dei vil prøve å få oppheva dei ulike restriksjonane i opphaldsløyvet.

– Helsepesialistar som har vurdert henne har framheva hennar behov for trygge og føreseielege rammer. Det får ho ikkje no, seier han.

Ei støttegruppe har samla inn pengar for at Yasmin skal ha råd til å føre saka mot staten. For både advokatar og helsespesialistar kostar pengar. Den hjelpa er ho takksam for.

– Tusen takk til alle som har støtta meg. Eg elskar dykk, seier Yasmin.