Hopp til innhold

Sesongstarten i skisentera regnar vekk

Berre eitt skisenter heldt ope fjerde søndag i advent. Dei fleste stader i fylket har snøen skisentera skulle opne med, smelta bort,

Sesongopning 2016 sogn skisenter

OPE: 18. desember, og dette er det einaste skitrekket i fylket som går, seier Runar Tørvi ved Sogn skisenter.

Foto: Runar Tørvi / Sogn skisenter

– I dag er vi nok det einaste anlegget som er ope.

Runar Tørvi er driftsleiar ved Sogn skisenter. Der har dei 150–200 skiglade gjester innom på den første opningsdagen for sesongen.

– Det er ikkje så verst oppmøte, trass i gråvêr og skodde, seier Tørvi.

Her får skikøyrarane får leike seg på kunstsnøen som vart produsert opp for nokre veker sidan. Men utanfor løypene er det bart.

Det er dårleg business for skisentera.

Fleire senter stengde på grunn av mildvêr

I fjor fekk skisenteret i Luster ein knallstart på sesongen

– Då opna vi siste helga i november. Vi hadde som mål og opne første helga i desember i år. Fjorten dagar til eller frå har ikkje alt å seie, men vi vil jo gjerne opne før jul, seier Runar Tørvi.

På Harpefossen skisenter på Nordfjordeid gjorde kuldeperioden i november at opninga gjekk som planlagt. Men så vart kulda bytta ut med mildvêr.

– Vi fekk produsert mykje kunstsnø i kuldeperioden tidleg i november. Men no gjer mildvêret at vi er nøydde til å halde stengt, fortel dagleg leiar i Harpefossen skisenter, Nils Magne Nedreberg.

For skisentera er sesongkort ei viktig inntektskjelde. På Harpefossen skisenter merkar dei at folk kvir seg for å kjøpe når ikkje forholda er på plass.

– Inntektene uteblir fram til folk ser at dei får renne på ski. Men vi håpar på litt snø fram til jul no, slik at vi kan halde ope i romjula, seier Nedreberg.

Harpefossen snømangel

TRENG PÅFYLL: 5–6 minusgrader for å køyre snøkanonar og litt natursnø på toppen, det er det einaste Harpefossen skisenter i Nordfjordeid ynskjer seg.

Foto: webcamera / Skiinfo.no

Ynskjer seg vêromslag til jul

Meteorologane sine prognosar for julevêret lovar ikkje veldig bra, men det kan vere moglegheiter før lågare temperaturar i dagane før julaftan.

– Eit fullstendig vêromslag hadde ikkje vore så dumt for skisenteret sin del. Vi treng 5–6 minusgrader for å lage kunstsnø, og på toppen treng vi natursnø. Hadde vi fått eit par dagar med full snøproduksjon hadde vi fått laga mykje, seier Nils Magne Nedreberg.

På Sogn skisenter stemmer dei i, og kryssar fingrane for meir vinterleg vår.

– Vi håpar det blir skikkeleg vinter snart, så får vi opna resten av anlegget. Slik som dette kan vi ikkje halde på, seier Runar Tørvi frå heisbua i Hafslo.