Hopp til innhold

Ser allereie framover mot OL i 2018

Lista over ting han skal bli betre på er allereie klar. Når OL-elden blir tent i den sørkoreanske byen Pyeongchang i 2018 har Anders Fannemel planar om å vere blant verdas beste skihopparar.

Anders Fannemel

NØGD: Etter sitt første OL seier debutanten Anders Fannemel seg nøgd med eigne prestasjonar.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– I 2018 er eg fire år eldre og eg er forhåpentlegvis blitt ein god skihoppar som kjempar heilt i toppen. Det er eit mål eg har, eg håpar å vere der, seier Anders Fannemel.

22-åringen frå Hornindal har hoppa sitt siste hopp i sitt første OL. Med hopp på 129,5 og 133 meter henta han poeng for Norge i den olympisk lagkonkurransen, men det heldt ikkje for det norske laget.

Fannemel avsluttar dermed OL-debuten med ein sjetteplass saman med lagkameratane.

– Laga før oss hadde alle fire skikkeleg gode skihopparar, så det vart vanskeleg for oss. Alle måtte ha hoppe litt lenger om vi skulle ha kjempa om medalje, seier Fannemel.

– Ikkje godt nok

Om sine eigen innsats har han denne vurderinga.

– Eg hoppar ikkje langt nok. Eg blir litt seint på begge hoppa, og då mister eg litt energi og blir ståande bakpå heile vegen, seier Fannemel.

Han er likevel svært glad for erfaringa med å hoppe saman med lagkameratane. Det er noko heilt anna enn å hoppe i ein individuell konkurranse, meiner han.

– Det er ei anna kjensle å hoppe for laget enn å hoppe for seg sjølv. Det er meir spennande, det er for laget og for Norge, seier Fannemel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ander Fannemel debuterer i OL

BEST AV DEI NORSKE: I storbakkerennet var Anders Fannemel best av dei norske.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

– Eg var ikkje god nok i år

På telefon frå Russland mimrar han gjerne litt om opplevingane dei siste dagane.

22-åringen frå Hornindal er den første skihopparen frå Sogn og Fjordane som har klart å hevde seg i toppen på over 30 år, og var stolt då han fekk OL-billett.

I sin debut i normalbakken for litt over ei veke sidan vart det ein 15. plass, medan han i stor bakke vart beste norske med ein 5. plass. Sjølv vel han å seie seg nøgd med eigen innsats.

– Eg er nøgd. Eg kan ikkje seie noko anna. 15. plass i normalbakken var betre enn eg hadde venta, og 5. plass i storbakken var bra slik det vart. Det små ting som ikkje klaffar heilt, men eg klarte å få til nokre gode skihopp i konkurranse.

– Eg hadde håpa på medalje, men eg var ikkje god nok i år, seier Fannemel.

– Kva vil du trekkje fram som det største augneblinken i OL?

– Det er andre omgang i storbakkerennet. Der fekk eg til eit bra hopp. Det var morosamt og det kjem eg alltid til å hugse, seier han om hoppet der han strekte seg til 132 meter.

– Skal ha meir rutine og vere betre trent

Måndag kveld er OL over for hopparane for denne gong. No er det fire år til neste olympiske hoppkonkurranse, og Fannemel har allereie starta planlegginga for korleis det skal gå då.

– Eg har lært mykje av å vere her, og det tek eg med meg vidare. Forhåpentlegvis til neste OL, flirer han.

For ungguten frå Nordfjord har ikkje tenkt å gje seg med ein 5. plass som beste OL-plassering. Først er målet å fullføre sesongen med gode plasseringar i verdscupen og eit godt VM i skiflying. Så held den harde jobben fram.

Om fire år skal han vere sterkare og betre når han går inn med den norske troppen under opningsseremonien i Pyeongchang. Viss det går som han sjølv vil då.

– Kva skal gjere til at du er ein betre skihoppar i 2018?

– Det at eg fekk vere med i dette OL, som 22-åring, gjer at eg har eit betre utgangspunkt om fire år.

– Eg skal ha meir rutine, vere betre trent og forhåpentlegvis ha meir teknisk forståing av skihopping. Det er mange små ting eg må jobbe med for å bli ein stabil og god skihoppar.