Hopp til innhold

Selina var første gjest på bokbåten

I over 50 år har bokbåten "Epos" vitja fjord- og kystbygdene på Vestlandet, og Selina (10) har lese over 50 bøker.

Selina Berdal Feidje

GLAD I BØKER: Selina Berdal Feidje var ein av mange leseglade som kom ombord i 'Epos' då den la til i Feios denne veka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Denne veka ankra "Epos" opp i heimbygda til Selina Berdal Midje, Feios. Dei er godt i gang med jubileumsturneen sin, og først ombord var Selina. Ho håpte å finne ei bok ho ikkje alt har lese.

– Det er ganske kult, eg har nesten ikkje ord. Det er på ein måte eit bibliotek midt ute på ein båt, seier Selina og syner NRK sin reporter bøker ho likar.

– Det er ei «Rampete Robin»-bok. Det er noko eg les ganske ofte. Det er skikkeleg morosame bøker å lese, smiler 10-åringen.

Leste mange bøker

I sommar var Selina med på lesekonkurransen SommarLes. Ingen andre i Vik kommune las fleire bøker løpet av sommarferien enn Selina. Sjølv er ho ikkje heilt sikker på kor mange det faktisk blei.

– Eit eller anna med 53 eller 54 bøker, enkelt. Eg las då eg kjeda meg, og så las eg om kvelden, seier den leseglade jenta.

Bokbåten Epos

SMÅ STADER: 'Epos' si reiserute inkluderer nokre av dei minste bygdene langs fjord og kyst.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ville leggje ned

Nyleg vedtok fylkespolitikarane å vidareføre tilbodet med bokbåten, trass i at fylkesrådmann Tore Eriksen gjekk inn for å leggje ned det som ofte er det einaste kulturtilbodet i dei minste bygdene.

– Fylkesrådmannen si vurdering er at bokbåttenesta vert avvikla frå og med 2014. Boksamlinga som er kjøpt inn til båten kan fordelast på dei kommunane som nyttar tenesta. Dette vil også ta bort behovet for husleige for boksamlinga, skreiv Eriksen til fylkespolitikarane.

– Blir heilt feil

Men han fekk ikkje gehør. Med tidlegare Gulen-ordførar, Trude Brosvik, i spissen, sørga dei for at tilbodet til Selina og andre vert oppretthalde også utover jubileumsåret 2013.

– I eit år der Epos for det første har 50-årsjubileum, og der regjeringa legg fram kulturløftet der dei omtalar bibliotektenesta som sjølve grunnmuren i kulturen, så blir det heilt feil å leggje ned eit slikt tilbod, sa Brosvik til NRK.

Gler seg over tilbodet

For 10 år gamle Selina Berdal Feidje er det uansett ei glede at tilbodet om bokbåten ikkje forsvinn. Ho elskar bøker, og set stor pris på moglegheita for å kunne låne favorittbøkene på eit flytande bibliotek.

– Eg kjem så godt inn i kva det handlar om, eg føler at det er meg på ein måte. Då er eg på ein måte på den plassen som det handlar om i boka. Og det kjennes heilt fantastisk ut, meiner Selina.

Høyr heile intervjuet med Selina her:

Selina elskar å lese bøker

Selina las over 50 bøker på ein sommar