Geir-Ståle Hatleseth frykta det verste då han høyrde raset komme berre få minutt etter at kona hadde reist på jobb. - Eg måtte ringe for å høyre om ho hadde kome fram, og det hadde ho heldigvis, seier Hatleseth.
Dei seks som bur i Sandvika er innesperra etter at ein stor stein losna omlag 150 meter oppe i fjellsida. Det har gått minst 5-6 ras i området tidlegare, eitt av dei berre eit halvt år etter at vegen vart opna. Raset og ein av steinane som rasa i dag skal vere høgare enn eit stor kjøleskap og like brei.
Ufrivillig fridag
Ein skuleelev som bur i Sandvika fekk ein ufrivillig fridag i dag. Ho skulle hatt tentamen, men berre kort tid før ho skulle gå ut for å ta skulebussen kom raset. Og for bussjåfør Frode Steinhovden som skulle plukke opp jenta vart det ein dramatisk busstur.
- Eg vart ganske skremd, seier Steinhovden.
Vegen framleis stengd
Fylkesvegen mellom Lending og Sandvika blir ikkje opna igjen i dag. Geolog i Statens Vegvesen, Odd Andre Rustad, seier det framleis er rasfare i området og at dei skal ta ei ny vurdering laurdag.