Hopp til innhold

Seier nei til vindmøller

Kommunestyret i Solund sa tysdag ettermiddag eit klart nei til dei store planane om vindkraftutbygging i øykommunen.

Avrøysting Solund

KLAR MOTSTAND: Berre fem hender ønskte vindkraft då politikarane i Solund røysta.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Med 10 mot fem røyster seier dei folkevalde nei til planane, både i Ytre Sula og på Ulvegreina nær kommunesenteret Hardbakke.

Dei folkevalde følgde dermed rådet frå folkeavrøystinga i januar, der eit knapt fleirtal av innbyggjarane sa nei til vindkraft. I førre veke sa også formannskapet nei.

Omfattande utbygging

Til saman er det planlagd 88 vindturbinar fordelt på tre område, to i Ytre Sula og eitt på Ulvegreina. Utbygginga er dermed stor både i norsk og internasjonal skala.

46 av turbinane er tenkt plassert i området Ulvegreina nær Hardbakke, mens dei resterande er tenkt plassert i Ytre Sula - fordelt på eitt stort og eit mindre prosjekt med tre turbinar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kart over vindparkar i Solund

HER: Slik er vindparkane i Solund tenkt plassert.

Foto: Asplan Viak

Høgre røysta for

Høgre sine fire representantar, og ein av PULS (Politisk uavhengig liste for Solund) sine to representantar røysta for utbygging.

Desse grunngav si innstilling med at ei utbygging ville gi Solund inntekter og næring.

– Det var også desse representantane som var hyppigast på talarstolen under debatten, rapporterer NRKs Eva Marie Felde.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Vindpark på Sperrefjellet i Solund - Illustrasjon

60-130 METER HØGE: Kraftselskapa ønskjer seg vindturbinar, mellom anna her på Sperrefjellet.

Foto: Ask Rådgivning AS

Ugilde grunneigarar

Politikarane brukte fleire timar på å finne ut av kor vidt representantane var gilde eller ugilde til å røyste i saka.

Resultatet vart at tre representantar, alle frå Høgre måtte tre ifrå grunna eigarinteresser. Dei tre var ordførar Ole Gunnar Krakhellen og faren Steinar, i tillegg til Sveinung Kråkås.

Dei tre måtte nytte vararepresentantar i avrøystinga om utbygginga på Ulvegreina, men var ikkje ugilde i spørsmålet om Ytre Sula.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Avstemming i vindkraft i Solund

GJEKK TUL URNENE: I januar sa eit knapt fleirtal av innbyggjarane nei til vindkraftplanane gjennom ei folkeavrøysting.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Vektla folkerøystinga

Debatten gjekk også lenge om ein skulle gå for å lytte til folkeavrøystinga frå januar, der eit knapt fleirtal på 52 prosent av innbyggjarane, 25 røyster, sa nei til vindkraft.

På førehand hadde mellom anna miljøvernminister Erik Solheim, utan å ta stilling til sjølve planane, bede dei folkevalde om å lytte til folkeavrøystinga.

– Dette vart til slutt avgjerande, seier Felde.

Fleirtalet i kommunestyret samla seg til slutt om eit forslag frå Senterpartiet, som mellom anna fekk støtte frå Ap, der ein la inn i ordlyden at det grunna folkeviljen var rett å gå imot planane.