NRK Meny
Normal

Seier nei til fusjonplanar mellom ferjeselskap

Sogn og Fjordane fylkeskommune – majoritetseigar i Fjord1 – er redde for at fusjonsplanane til Fjord1 og Norled kunne øydeleggja for deira eige utgreiingsarbeid rundt eigarposten i reiarlaget.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

TEKNE PÅ SENGA: Fylkesutvalet – utanom fylkesordførar Åshild Kjelsnes (i midten) – blei ikkje informert om fusjonsplanane til Fjord1 og Norled.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Etter hektisk møteaktivitet i fylkesutvalet i går kveld og i føremiddag, var konklusjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune klar: Majoritetseigaren i Fjord1 seier nei til intensjonsavtalen mellom Fjord1 og Norled om å greia ut grunnlaget for å etablere eit nytt sjøselskap med base på Vestlandet.

Fylkesutvalet ber styret i Fjord1 om å oppheva avtalen. Samstundes ønskjer fylkespolitikarane at ein fusjon med Norled går inn som eit nytt alternativ i det allereie pågåande arbeidet med å greia ut kva Fylkeskommunen skal gjera med eigarposten sin i Fjord1 på 59 prosent.

Greier ut mange alternativ

Åshild Kjelsnes

OVERRASKA: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) vedgår at mange i Fylkesutvalet blei overraska då dei utan førevarsel fekk vita om fusjonsplanane til Fjord1 og Norled i går ettermiddag, midt i deira eige pågåande utgreiingsarbeid rundt eigarposten i Fjord1.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det var i går ettermiddag at det overraskande nyhendet om fusjonsplanane blei kjent. Bakgrunnen var at dei to reiarlaga ønskjer å bli større og sterkare for å kunna vinna anbod i ein stadig tøffare konkurranse.

– Eg vil streka under at det er positivt at Fjord1 og Norled vil utvikla selskap vidare. Men fylkeskommunen har sett i gang eit omfattande arbeid rundt eigarposten i Fjord1 – som kan enda opp med alt frå at me held fram som no, til å kunna sjå på moglege samarbeid med andre selskap, til å selja seg delvis eller heilt ut av Fjord1. Fylkesutvalet ser det som viktig at alle aktørar har ein lik moglegheit til å kunna vera med i arbeidet vidare og vil difor ikkje på dette tidspunktet ekskludera interessentar, men behandla alle likt, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Ingen andre i fylkesutvalet ønskte å kommentera vedtaket.

Forventar at styret hevar avtalen

Det er på det reine at ein intensjonsavtale om fusjon mellom Fjord1 og Norled kunne ha sett bort frå fleire andre alternativ, som fylkeskommunen har arbeidd med den siste tida.

– Fylkesutvalet ber Fjord1-styret om å heva opp intensjonsavtalen. Kva forventar du at styret gjer no?

– Eg håpar at me kan ha ein tett dialog med styret og jobba godt vidare mot Norled og andre partar. Styret har gjort ting etter boka, gjennom å arbeida flor å utvikla selskapet vidare. No skal me arbeida godt vidare med styret.

– Viss ikkje dei vil heva opp avtalen; kva makt og mynde har Sogn og Fjordane fylkeskommune som eigar då?

– Ein eigar er ein eigar, og me er majoritetseigar, men eg vil ikkje spekulera i det. Me har vedteke ei oppmoding, og eg har god tru på at dette vil løysa seg på ein god måte.

– Men dersom styret ikkje følgjer opp dette styringssignalet, har det moglegheit til å kalla inn til ekstraordinær generalforsamling og skifta ut styremedlemmene?

– Ja, men me er ikkje der no, så det vil eg ikkje forskottera.

Visste ingenting

Nils P. Støyva og Jenny Følling

DISKUSJONAR: Nils P. Støyva, gruppeleiar i Ap, og Jenny Følling, gruppeleiar i Sp, i ein pause i fylkesutvalsmøtet om Fjord1-Norled-fusjonen på Leikanger i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dei fleste i fylkesutvalet var ikkje informerte om intensjonsavtalen før Fjord1 og Norled sende ut pressemeldinga i går ettermiddag. Kjelsnes visste derimot om fusjonsplanane.

– Eg blei kontakta på måndag av Fjord1 som bad om å få møta oss, fordi dei hadde teke eit viktig initiativ. Det blei lagt fram for underteikna på tysdag, og då var det naturleg at planane blei presenterte for fylkesutvalet ved fyrste høve, som var i går, seier Kjelsnes.

Kjelsnes vil ikkje svara direkte på spørsmålet om kvifor ikkje fylkesutvalet fekk vita om dette før intensjonsavtalen blei presentert for offentlegheita.

– Kva var reaksjonane i fylkesutvalet på at dei ikkje blei informerte før pressemeldinga blei gitt til media?

– Ja, det var sjølvsagt litt ulike reaksjonar, men det blei også halde fram at det er positivt at det går føre seg interessante prosessar, men at me treng ein breiare prosess.

– Blei dei rett og slett tekne på senga?

– Eg vil ikkje uttrykka meg på den måten.

– Blei dei overraska?

– Ja, overraska, det er klart når ting skjer såpass kjapt, men nokre blei også positivt overraska, seier ho.

Eit kupp?

Styreleiar i Fjord1 er tidlegare Ap-statsråd og stortingsrepresentant Reidar Sandal. Kjelsnes vil ikkje svara direkte på kva Ap i fylkesutvalet meinte om intensjonsavtalen.

– I ei eigarsak er det naturleg at me står samla som eigar, så eg vil ikkje spekulera i kva verken Ap eller andre måtte meina.

– Sett utanfrå kan ein få eit inntrykk av at Fjord1-styret har prøvd seg på eit kupp ved å koma andre prosessar i forkjøpet?

– Det vil eg på det sterkaste avvisa. Etter aksjelova har dei gjort alt etter boka. Men i vår prosess ønskjer me eit større handlingsrom, og at alle har den same moglegheita, seier Kjelsnes.

Sandal er overraska

Til NRK seier styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, at han er svært overraska over at fylkeskommunen ber om at intensjonsavtalen mellom Fjord1 og Norled blir oppheva.

– Eg er svært overraska over vedtaket som fylkesutvalet har gjort, og som eg akkurat er gjort kjend med, seier Sandal.

Han understrekar at han ikkje såg dette komme.

– Nei, det gjorde eg ikkje, seier Sandal.

– Betyr det at informasjonsflyten mellom politikarane og styret er dårleg?

– Nei, eg seier ikkje det. Styret og administrasjonen gjer vårt beste for å leggje til rette for best mogleg utvikling, seier Sandal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser