Det seier administrerande direktør John Andersen. Han kan ikkje garantere at det blir ein ny fabrikk, men seier likevel at dei arbeider ut frå å starte bygging 1. september.
Trur fabrikken kjem
Det er altså snakk om ein ny fabrikk i Årdal med 250 nye arbeidsplassar. Desse skal bli redninga for industribygda når nær 200 personar misser arbeidet ved Hydro sitt aluminiumsverk.
Ordførar Arild Ingar Lægreid er ikkje skuffa over at Scan Wafer ikkje kunne love noko i dag, men han reknar det som sikkert at fabrikken kjem.