Hopp til innhold

Satsar på formelbil

Håvard Hallerud blir den første frå fylket som skal køyre formelbil. 20-åringen gav seg sjølv ut mai med å samle saman mellom 700 og 800.000 kroner til satsinga. Sjølv om han berre har kome halvveges til no har han bestemt seg for å satse vidare. Bilen er allereie til lakkering og måndag byrjar monteringa. I midten av april blir det testløp, før Hallerud debuterer som formelkøyrar i Sverige første helga i mai.