Ein 19 år gammal mann døydde i går kveld i Stryn etter å ha sniffa lightergass. Trass i gårsdagens dødsfall, viser tala at stadig færre ungdommar rusar seg på dette viset, seier Gusland.
- Utviklinga har vore stabil, det har faktisk vore ein nedgang dei siste åra. I 1990 svarte 8,3% av norske ungdommar mellom 15 og 20 år ja på om dei hadde prøvd sniffing. I 2004 viste same undersøkinga at talet var gått ned til 6,4%, seier Guslund.
Tragisk utfall
Landsomfattande undersøkingar viser altså at det er færre ungdommar i Noreg som sniffar no enn før. Den positive utviklinga hindrar likevel ikkje at enkelte nyttar denne forma for rus, og i går fekk det eit tragisk utfall. Ein 19 år gammal mann døydde i Stryn etter å ha sniffa lightergass, eit av dei mest vanlege sniffestoffa blant unge, i tillegg til Lynol.
Farleg
Sosial- og Helsedirektoratet står på for å få unge til å forstå kor farleg det er å ruse seg, men Jens Guslund skjønar at dei må arbeide meir med dette.
- Vi må intensivere arbeidet og prøve å identifisere desse gruppene som er i risikosona for å byrje med dette, seier Guslund.
Trur ikkje på aldergrense
Guslund meiner hovudansvaret for å kartlegge omfanget av sniffing blant unge ligg hos dei enkelte kommunane. Han er usikker på kva tiltak som må til, men trur ikkje at aldersgrense på til dømes lightergass vil få ungdommar til å slutte å ruse seg.
- Det blir vanskeleg å hindre ungdom fullstendig i å få tak i stoff som kan sniffast, seier Guslund.