Hopp til innhold

Satsar internasjonalt med revolusjonerande podkast-teneste

«Lytt» er i ferd med å endre korleis mediehus behandlar sine lydplattformer.

AMBISIØS: For under eit år sidan vart lydplattforma LYTT oppretta.

AMBISIØS: Det er mindre enn eit år sidan vart lydplattforma Lytt vart oppretta. No er to tyske aktørar på kundelista.

Foto: Thomas Medici / Fish and the Knife

– Me er spent på kor det her kan ende, seier medgründer og dagleg leiar i Lytt, Linn Wilberg.

Nyskapande i ein digital marknad

Det er mindre enn eit år sidan selskapet vart lansert. Men allereie no kan det Gulen-baserte selskapet melde om internasjonale investorar og kundar i utlandet.

– For oss er det eit bevis på at konseptet me har utvikla fungerer, og er noko marknaden vil ha, seier den daglege leiaren.

INTERESSE: Lydplattformen LYTT har vekt stor internasjonal merksemd.

INTERESSE: Lydplattforma har vekt stor internasjonal merksemd allereie.

Foto: Tomas Medici / Fish and the Knife

Saman med ektemannen Njål Wilberg, og gründer Anders Waage Nilsen, utvikla dei den ettertrakta plattforma. Tenesta baserer seg på å gi avishus moglegheita til å ta kontroll over publisering og distribusjon av eige lydinnhald. Wilberg meiner tida er moden for eit slikt produkt.

– Alle har fått med seg at lyd er det som verkeleg gjeld når det kjem til brukarvanar i 2019. Redaksjonar og journalistar har hive seg på bølgja og produserer fantastiske podkastar. Samstundes så er det litt rart at mediehus gir desse podkastane vekk på plattformer som Spotify og Apple podkast.

Wilberg meiner at mediehus potensielt går glipp av store økonomiske vinningar ved å gjere dette.

Vellukka eksperiment

I Januar i år starta Lytt opp eit samarbeid med Bergens Tidende då dei lanserte appen «BT Lytt». samarbeidet gjorde BT til det første norske avishuset som kopla ein podkast-satsing mot ein offensiv abonnement-strategi. Sjefredaktør Øyulf Hjertenes i BT seier i ei pressemelding at samarbeidet har gitt resultat.

– Satsinga gjer oss moglegheiter til å auke våre digitale inntekter, noko som igjen bidrar til å skape eit sterkare redaksjonelt fagmiljø, seier han.

Øyulf Hjertenes

NØGD: Sjefsredaktør i BT, Øyulf Hjertenes er har stor tru på den nye plattforma til Lytt.

Foto: Elise Angell / NRK

Samarbeidet med BT har gått så bra at eigarane sjølv har valt å investere i selskapet.

– Eide- stiftelsen som også er eigar i bergens tidend gjekk inn med ein million i selskapet for to veker sidan. Det eit godt signal om at me gjer noko riktig når dei kjem og ber om å få gå inn med pengar, seier Linn Willberg.

Tysk suksess

Lydplattforma har no knytte seg til to store tyske medieaktørar. Trass i rask vekst og gode indikasjonar trur likevel Wilberg at selskapet må få litt tid før dei verkeleg kan vite om konseptet kjem til å ta av.

– Eg trur me må få fleire kundar i Noreg og utlandet før me får verifisert at det er dette mediebransjen vil ha, men starten ser verkeleg lovande ut, seier den daglege leiaren.