Hopp til innhold

Sande meiner naturvernarar sviktar

Leiar for miljøkomiteen på Stortinget, Erling Sande, meiner naturvernarar er meir opptekne av å verne myrer enn å byggje ut fornybar energi.

Erling Sande

– FOR LANG TID: Avtroppande leiar for Stortingets miljøkomité, Erling Sande, seier at innføringa av grøne sertifikat tok unødvendig lang tid.

Foto: NRK

Det skriv Finansavisen. Erling Sande har site på Stortinget for Senterpartiet sidan 2005. Han har vore leiar i energi- og miljøkomiteen frå 2009. No gir han seg med rikspolitikken for å få meir tid heime i Gloppen med kona og borna.

Til Finansavisen seier han at rundane med grøne sertifikat er det som irriterer han mest. Dei som bygde ut fornybar energi i perioden 2004–2009 falt mellom to stolar fordi saka drog ut.

– Dette er dels sjølvkritikk og dels kritikk av oss alle i Sp. Men eg meiner også at enkelte organisasjonar ikkje har vore konstruktive når det gjeld utbygging av ny, fornybar energi, seier han til avisa.

Han meiner at mange sausar saman klima og naturvern og kallar alt miljøvern. Sande seier han har blitt kalla eit miljøsvin sjølv om han dei siste åra har jobba for å skaffe landet meir energi.

– Mi erfaring er at deler av miljøbevegelsen faktisk ikkje ønskjer fornybar energi, seier han.