NRK Meny
Normal

Slik feira dei solsnu

Trass i skyer på himmelen, samla folk i Gulen seg for å feire vintersolsnu i dag i 12-tida.

Slik feira dei solsnu

MANNSTERKE: Vel 60 personar fann vegen til Eivindvik for å feire solsnu.

Foto: privat

– Vi løyser veldig mange verdsproblem på solsnudagen, så vi burde eigentleg samlast slik oftare, ler Espen Selvik som er initativtakar til arrangementet.

Dessverre var ikkje vêret på sitt beste, og dermed vart det smått med solstråler. Er ein i Eivindvik på solsnu, og har flaks med vêret, så ser ein at sola kryp over åsen og treffer den eine steinkrossen i Eivindvik. Slik vart det ikkje i dag.

– Det var ikkje mogleg å bli treft av solstrålane i dag, men det var myrkje folk her, så vi song nokre songar og heldt kvarandre i hendene, seier Selvik.

Såg noko bak skyene

Han understrekar at vêret slett ikkje la nokon dempar på stemninga.

– Vi hadde ei utruleg fin stund. Akkurat på det tidspunktet då sola skulle snu, såg vi at det var noko bak skyene som skein, seier Selvik.

Han tok initiativ til markeringa for nokre år tilbake, og hadde då sterke ønskje om at dette skulle bli ein årleg tradisjon.

– Vi har gjort dette i 10-12 år, og kan ikkje vente finvêr kvar gong. Solsnudagen har blitt ei viktig markering for oss. Éin ting er at det er rett før jul, men ein får på ei måte kontakt med det som var før, seier Selvik.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

2012: Under vintersolsnu i 2012 var tilhøva ypparlege for å få sett korleis sola treffer steinkrossen. Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Nesten som eit gamaldags gulating

Han peikar på at det aller første tingsetet i Norge låg nettopp her. Krossane som står på staden vart plasserte av Olav den Heilage for nær tusen år sidan.

– Det er nok ikkje tilfeldig at krossen står der han står. Ein får eit slags band til det hinsidige, og det kjende vi sterkt på i dag, seier Selvik, som saman med vel 60 andre markerte solsnudagen.

Ordføraren var sjølvsagt til stades.

– Barna var begeistra. Dei gjekk ned i kneståande og laga tekningar av krossen og sola. Og så hadde vi allsong og føredrag, nesten som eit gamaldags gulating, seier Selvik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser