Hopp til innhold

Sakna polsk mann funnen død

Den polske mannen som har vore sakna i Loen i Stryn vart søndag kveld funnen død ved Lovatnet.

Leiteaksjon etter sakna mann ved Lovatnet

VEKKE: Over ein månad etter at den polske mannen vart vekke er han no funnen omkomen ved Lovatnet i Loen.

Foto: Arne Vik

Den 35-år gamle polske mannen var saman med fleire andre kameratar då han vart meldt sakna frå Sande Camping i Loen 6. april i år.

Det har vore leita etter mannen fleire gonger, og seint i slutten av april vart det gjort søk etter mannen med miniubåt og sonar i Lovatnet.

Søndag ettermiddag vart det sett i gong nytt søk etter at nokon fann ein sko på sørsida av Lovatnet. Klokka 21.30 vart ein død person funnen ikkje så langt frå der skoen låg.

Ifølgje politiet vart personen funnen på land. Det er ikkje noko som tyder på at han er utsett for noko kriminelt. Den døde mannen vil bli obdusert, men politiet er nokså sikre på at den er den sakna personen som er funnen omkomen.