NRK Meny
Normal

Sakna Belsvik og Nødseth på møtet

Avtroppande fylkesleiar i Høgre, Bjørn Lødemel, synst det er trist at årsmøtet denne helga går av stabelen utan Embla Belsvik og Jacob Nødseth. Begge dei to ungdomspolitikarane er sjukmelde etter ein personkonflikt mellom dei to.

Nødseth, Belsvik

KONFLIKT: Bjørn Lødemel synest det er trist at personkonflikten mellom Jacob Nødseth og Embla Belsvik har gjort til at begge no er sjukmelde.

Foto: Simon Solheim/Sondre Dalaker / NRK

– Denne helga manglar vi to av våre fremste ungdomspolitikarar, fordi ein personkonflikt har blitt for vanskeleg å bere og ført til sjumeldingar. Eg synst det er trist, sa Lødemel frå talarstolen.

Tidlegare denne månaden vart det kjent at stortingsvara Jacob Nødseth skal ha truga Unge Høgre-leiar Embla Belsvik med å øydeleggje hennar vidare politiske karriere i partiet. Saka skal ha pågått i fleire månader og har mellom anna ført til ein avtale som gjer at Nødseth berre skal utøve politikk i Flora bystyre.

– Ei vanskeleg sak

Under årsmøte til Høgre på Alexandre Hotel i Loen denne helga tok Lødemel opp konflikten frå talarstolen.

Han viste til at både leiarar og medlemmer av eit parti har ansvar for at folk skal trivast i lag og føle glede med arbeidet i ein politisk organisasjon.

– Som politiske eller organisatoriske leiarar har vi alle eit ansvar for at folk kan trivast i Høgre. Vi har eit stort ansvar for at det er ro i rekkjene og at alle held seg innanfor dei lover og reglar som finst i organisasjonen. Men det vil alltid dukke opp vanskelege saker, sa Lødemel.

Skal ikkje jobbe saman

Det var i byrjinga av mars at Flora Høgre sendte ut ei pressemelding der dei gjorde greie for personkonflikten mellom dei to ungdomspolitikarane i lokallaget. Etter kvart har det blitt kjent at Jacob Nødseth skal ha sendt sjikanerande og trugande sms-meldingar til Embla Belsvik.

Leiar i Flora Høgre, Vidar Grønnevik, har fleire gonger sagt at oppførselen er heilt uakseptabel. Lokallaget har jobba fram ein avtale, som i praksis går ut på at den eine av dei to skal utøve sitt politiske arbeid i hovudsak i fylkesorganisasjonen i Høgre, medan den er andre i hovudsak skal arbeide i Flora Høgre.

For Nødseth sin del inneber det at han skal styre unna all politikk på fylkesnivå, både for moderpartiet og Unge Høgre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

ROS: Bjørn Lødemel gav Flora Høgre ros for si handtering av konflikten.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Rosar Flora Høgre for handteringa

Både Belsvik og Nødseth er framleis sjukmelde, og ingen av dei var til stades under årsmøtet til Høgre i dag. Lødemel seier konflikten syner at slike utfordringar må takst på alvor, og er nøgd med den jobben Flora Høgre har gjort for å rydde opp.

– Eg har hatt nær dialog med Flora Høgre i denne prosessen og eg synest dei har gjort det på ein god måte.

– Dei har teke tak i det som har skjedd og vil jobbe vidare med det, sa Lødemel.

Han beklaga samtidig at dei to ikkje kunne vere til stades.

– Eg synst det er veldig trist at dei begge er sjukmelde og ikkje kan vere her og ta i mot hyllesta for fantastisk innsats i valkampen, og for Embla sin del, stor innsats som leiar i Unge Høgre, seier Lødemel.

Han bad samtidig om at media let dei to vere i fred, og sa også at saka ikkje eigna seg som tema på årsmøte.

– Eg vil også minne alle om at det er viktig at vi er medmenneske og viser omsorg når det oppstår vanskelege og trasige situasjonar.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.