Tidlegare olje- og energiminister Einar Stensnæs avviste i mai i år at oljebasen i Florø er i fare. Men avtalen Saga Fjordbase har med Statoil går ut 1. juli neste år. Og Strømsnes seier dei veit lite om kva kontrakten dei no skal leggje inn anbod på inneheld. For sjølv om det er avklart at oljebasen i Florø skal operere oljefelta på Tampen, veit ikkje Strømsnes korleis Statoil vil organisere dei ulike oppgåvene.
Vere eller ikkje vere
Saga Fjordbase har over 90 tilsette, og arbeidet dei utfører for Statoil utgjer 90 prosent av aktiviteten. Difor er det nærast eit vere eller ikkje vere om verksemda får ei like stor kontrakt.
Agnar Strømsnes seier kontrakten er eit vere eller ikkje vere for Saga Fjordbase. (Foto: NRK)
Mindre omsetnad
Frå 2002 til 2003 gjekk omsetnaden ved Saga Fjordbase ned frå over 750 millionar kroner til om lag 450 millionar kroner - nettopp på grunn av at Statoil reduserte kontrakten med oljebasen. Strømsnes er svært spent på om den nye kontrakten vil bety nye reduseringar - om Saga Fjordbase i det heile får kontrakten.