Saft frå Sogn går godt i Sverige

– Det har gått over all forventning, vi er svært nøgde, det seier direktør Trine Lerum Hjellhaug om korleis lanseringa av saftmerket ZERoh har gått i Sverige. Lerum har selt dobbelt så mykje som dei hadde tenkt, og ved slutten av august vil det ha gått ut over 800 000 flasker med ZERoh-saft til svenskane. Hjellhaug trur marknaden i Sverige var svoltne på noko nytt, og seier dei ser god respons i sosiale medium. No er planen å få fleire smaksvariantar inn på marknaden i nabolandet, og såleis auke volumet til neste år.

Trine Lerum Hjellhaug
Foto: Sondre Dalaker / NRK