Hopp til innhold

Så spente var dei før starten på eit nytt høgskuleår

Studentane strøymer til Høgskulen i Sogn og Fjordane som aldri før. I dag samla hundrevis av nye studentar seg i Sogndal til offisiell opning av studieåret.

Fadderveka er i gong i Sogndal!

Storinnrykk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal i dag. Mange hundre nye studentar møtte fram til den offisielle opninga.

I storhallen på Campus vart dei unge, håpefulle møtt av mellom anna mange faddrar kledd i ulike fargar, alt etter kva fag og linje dei har kome inn på.

Blant fadrane i år er Mette Meling. Ho lovar å ta med dei nye studentane på mykje moro i studiestarten.

Gler seg til faddervekene

– Å vere fadder er jo berre kjempegøy, får møte masse nye folk i tillegg til at eg får vere med dei eg er med til vanleg. Det er veldig viktig at vi har fadderordninga og at vi samlar alle til ein stor gjeng. Dermed får ein og helst på folk heilt frå starten, meiner den blide Stavanger-jenta som stortrivst som student i Sogndal.

Ho forsikrar at faddervekene ikkje berre er fest og moro, men at dei og oppmodar dei nye studentane til å bli med andre aktivitetar som sjøsport og fjellturar.

Fadder høgskuleopning

FADDER VÅR: Mette Meling (t.h) og mange andre stiller i desse dagar opp som fadrar for dei mange nye studentane i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lokka av fjell og ski

Ein av dei ferske studentane er 20 år gamle Torbjørn Strøksen frå Oslo. Han skal studere fysisk aktivitet og helse, og vert dermed ein av 400 studentar i det som er det nest-største miljøet for idrettsfag i Norge.

– Det er dei fantastiske fjella med skikøyring og moglegheiter for snowboard som lokka meg hit, så det var ein av hovudårsakene. Samtidig som eg gjekk idrettslinja og gjerne vil halde fram med utdanning innan fysisk aktivitet og helse, fortel Torbjørn.

Han brukte mykje tid før han søkte i Sogndal på å undersøke moglegheitene for å drive med friluftsliv.

– Sogndal er jo det beste ein kan få i Norge etter det eg har høyrt. Eg har gjort eigen research via TV og internett. Eg trur dette er veldig viktige argument for at folk vel å reise til Sogndal som studentar, meiner Strøksen.

Navarsete og Navarsete

NAVARSETE X 2: Jonas Nyløy Navarsete er student, men mest kjend for sine Youtube-hitar. I dag møtte han Sp-leiar Liv Signe Navarsete under høgskuleopninga i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Studentar vel Sogndal

Rektor Åse Løkeland er samd i at mange studentar vel Sogndal på grunn av dei naturgitte føresetnadene med fjell og fjord, men at ønskjet om ei god utdanning ligg i botn.

– Det vi fangar opp er at dei studentane vi har intervjua i kandidatgranskinga har drege til vår høgskule fordi dei har høyrt av andre studentar korleis det har vore å studere her. Det ser jo ut for at dei ønskjer eg ei yrkesutdanning og ønskjer seg å lukkast i studiet.

– Men dei ønskjer også å vere på ein studiestad der ein kan trivast i eit tett og nært miljø, med tette band både til lærarar og medstudentar. Eg trur det er det heilskaplege biletet, seier Løkeland.

Prega av sorg

For rektor vart opninga i dag ikkje berre prega av glede over eit nytt studieår. 12. august omkom sogndalstudenten Karoline Eidslott Svinø i den tragiske bussulukka i Fardal. Også tidlegare i sommar har høgskulen opplevd at studentar har mista livet i ulukker.

– Det er klart at dette var jo eit sjokk for oss. Det var sterkt å å møte familien, fortel rektor Åse Løkeland og opplyser at høgskulen vil delta i gravferda til Karoline Eidslott Svinø.