Hopp til innhold

Skulen har opplevd fire dødsfall på åtte månader

Studentar og tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var i ettermiddag samla for å minnast Karoline Eidslott Svinø (24) som omkom i bussulykka på riksveg 55 i Fardal måndag. Men det er berre så altfor kort tid sidan sist.

Terje Bjelle

EIN TUNG DAG: Viserektor Terje Bjelle hadde saman med både studentar og kollegaer ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, ein tung dag på jobben.

Foto: Anders Veberg / NRK

For det er ifølgje sognavis.no det fjerde dødsfallet som på kort tid råkar miljøet rundt Høgskulen.

I desember i fjor vart høgskulelektor Dag Myrvang funnen død på Kaupanger. Knapt ei veke seinare omkom Kristine Steiro Paulsen (29) i ei trafikkulykke i Lærdalstunnelen. Paulsen studerte på første året ved høgskulen.

I juni i år omkom Ola Egge Ødegaard (21) i ei tragisk arbeidsulykke ved eit miljøanlegg på Voss. Ødegaard hadde nyleg avslutta ei bachelorgrad i idrett og kroppsøving, og spelte også på Fjøra sitt fotballag.

Måndag omkom Karoline Eidslott Svinø frå Ålesund då to bussar kolliderte på riksveg 55 ved Fardal. Også ei taiwansk kvinne (26) omkom i ulykka.

Tysdag ettermiddag opplyser Haukeland universitetssjukehus at tilstanden framleis er kritisk for ei 33 år gammal kvinne, medan ein kvinne i 50-åra framleis er alvorleg skadd.

Folk kjem nærare kvarandre

At dei mange dødsfalla ved høgskulen har gått inn på studentane, er viserektoren viss på.

– Når slike ting skjer, så er det trist og frykteleg. Samtidig har det vorte slik at folk brukar høvet til å komme nærare kvarandre. Dei studentgruppene som eg har sett har vore mest påverka av det, har faktisk fått eit sterkare samhald når slikt har skjedd, seier Terje Bjelle.

Han trur også det vil skje etter dødsulykka i går.

– Det eg såg av den flotte gjengen i dag, talar absolutt for det, seier Bjelle.

Også for dei tilsette ved høgskulen merkast det godt når ein student plutseleg ikkje lenger er der.

– Vi som jobbar her kjem også nærare kvarandre. Det skjer noko med kvar einskild av oss, og det fellesskapet som vi har, seier Bjelle.

Trur dei forstod at mange var glad i henne

Han fortel om sterke møte mellom menneske under minnestunda i ettermiddag.

– Det var ei sterk oppleving, spesielt for familien til Karoline. Foreldre, sysken og kjærasten var komne, og det er sterkt å møte familien på denne måten, seier Bjelle.

Han trur likevel det var godt for dei å vere med på minnemarkeringa.

– Eg trur det vart ei god stund. Dei møtte mange av medstudentane til Karoline, og dei fekk ei forståing for at det var mange som var glad i henne, seier Bjelle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

STORE SKADAR: Begge bussane hadde omfattande skadar etter kollisjonen. Også ei taiwansk kvinne i 20-åra omkom i ulykka.

Foto: Christian Blom / NTB Scanpix

Karoline Eidslott Svinø frå Ålesund heldt på med ei bachelorgrad i landskapsplanlegging ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

Bjelle har den djupaste medkjensle med familien, som no sit att med eit enormt tomrom etter den blide jenta.

– Eg klarar nesten ikkje førestille meg den fryktelege beskjeden som dei fekk i går kveld. Men dei hadde nå klart å ta seg fram til Sogndal, både frå Ålesund og Oslo, og dei klarte seg godt i mine auge, seier Bjelle.

Tenkte tanken i går

Men han legg ikkje skjul på at det var ei tung stund for alle som var til stades, ikkje minst medstudentane til Karoline.

– Dei hadde vore gjennom ei sjokkarta oppleving. Men når dei fekk sjå og møte kvarandre og gråte i lag, så vart det ei god stund, seier Bjelle.

Han fortel at ulykka vert nær både for han sjølv og for dei andre tilsette på Høgskulen.

– Vi har hatt for mange ulykker siste åra, og det har vorte slik at når vi høyrer om noko alvorleg, så tenkjer vi på om det er ein student. Eg tenkte den tanken i går kveld, og dessverre så stemde det, seier Bjelle.

Det er studiestart om under ei veke på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Naturleg nok kjem dødsulykka til å prege også denne.

– Vi må få summe oss litt. Dagen i dag måtte vi berre komme oss gjennom på best mogleg måte, og så får vi vurdere oppstartsprogrammet vårt når vi kjem til i morgon, seier Bjelle.

Var på veg heim frå jobb

Karoline Eidslott Svinø var på veg heim frå sommarjobben i Statens vegvesen på Leikanger då ho omkom i bussulykka ved Fardal.

Svinø byrja i Statens vegvesen i juni, og var inne i si siste veke i sommarjobben, før ho skulle tilbake til studiane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Vi sørgjer over tapet av ein ung og dyktig kollega. Vi er mange som vil sakne Karoline både som kollega og medmenneske. Våre tankar går no til Karoline sin familie og næraste, seier regionvegsjef i Statens vegvesen Helge Eidsnes.

Kollegaer på planseksjonen på Leikanger fortel om ei blid og positiv jente, som var mild og omgjengeleg, men også sterkt engasjert og dyktig i faget sitt.

Svinø registrerte artsrike vegkantar og framande uønskte artar for Vegvesenet. Ho registrerte på dei to driftsområda Voss i Hordaland og Høgsfjord i Rogaland. Dette arbeidet er viktig for å ta vare på biologiske verdiar langs vegen, og er ein del av etaten sitt sektorarbeid innan miljø.