Hopp til innhold

Så mange flyktningar skal busetjast i fylket i år

Fleirtalet av kommunane følgjer ikkje oppmodinga til styresmaktene, som har bede om busetting av 685 flyktningar.

Barn på mottakssenter

MANGE FÅR NEI: Kommunane i Sogn og Fjordane seier nei til 175 asylsøkjarar.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

Kommunane i fylket seier ja til å busetje 500 flyktningar i 2016. Dette er 175 færre enn det styresmaktene har bede om.

Det var i fjor haust kommunane fekk ei ekstra oppmoding om å busetje flyktningar, og tal flyktningar for kvar kommune vart oppjustert.

No har alle kommunar i landet sagt kva dei er villige til å busetje inneverande år.

Flora, Sogndal, Eid, Stryn og Høyanger på topp

Flora og Eid er dei kommunane som innfrir oppmodinga til IMDI. Men Høyanger strekker seg enno lengre, og har sagt ja til å busetje 28 flyktningar i år, tre fleire enn oppmodinga frå styresmaktene.

Ola Teigen

BER ANDRE HOPPE I DET: Ordførar i Flora, Ola Teigen, og resten av bystyre har sagt ja til å busetje 55 flyktningar i 2016. Det er flest av alle kommunar i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi må sjølvsagt vere ein del av den nasjonale dugnaden. Det er ei viktig oppgåve for kommunen, seier ordførar Petter Sortland.

Sortland fortel om eit samstemt kommunestyre som like før jul vedtok å busetje 28 flyktningar i år.

– Korleis ser du på denne utfordringa?

– Vi legg ikkje skjul på at utfordringa er der. Vi har fylket sitt største enkelt mottak med 210 plassar, og i kjømda ligg eit mottak i Vadheim med 40 einslege mindreårige asylsøkjarar, så vi føler vi tek vår del av ansvaret. Men når vi veit korleis verda er, så lyt ein rett og slett stille opp og gjere det beste ut av det.

Petter Sortland

SAMRØYSTES KOMMUNESTYRE: Trass i eit stort asylmottak, bur ordførar Petter Sortland og resten av Høyanger seg på å busette 28 flyktningar i år.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sortland legg til at det og er mykje positiv som følgjer med å busetje flyktningar.

– Vi går på med krum hals, seier ordføraren.

Aukar folketalet i mange kommunar

Teigen synest det er mange flinke kommunar i fylket som buset flyktningar, men han har og merka seg at det ikkje gjeld alle.

– Eg tenkjer at dei burde teke oppmodinga frå IMDI litt meir alvorleg. Dette er ein felles dugnad, og eg trur mange kommunar har godt av å prøve å integrere fleire enn dei har gjort hittil, seier AP-ordføraren.

Rett bak Flora, følgjer Sogndal som har sagt ja til å busetje 40 flyktningar, av dei 13 mindreårige. Det er fem færre enn oppmodinga frå IMDI.

Eid skal i 2016 busetje 40 flyktningar som er i tråd med oppmodinga frå IMDI.

I Stryn buset dei og 40 flyktningar og i Gloppen 21 og med det innfrir dei ikkje oppmodinga frå styresmaktene.

– Hopp i det

I andre enden av lista finn vi kommunar som Aurland. IMDI bad Aurland busetje 15 flyktningar, med kommunepolitikarane stoppa på seks, ifølgje tala til IMDI. Hyllestad skal busetje 7 flyktningar.

– Kva råd har du til dei kommunane som av ulike grunnar ser på busetting av flyktningar som vanskeleg?

– Eg har merka meg at det ofte er vanskelegast for dei som ikkje har busett flyktningar. Dei som har tradisjon for å busette flyktningar, dei handterer dette på strak arm og med relativt få konfliktar. Mi oppmoding er at alle må hoppe i det. Det kjem til å bli ein positiv oppleving for alle kommunar i Sogn og Fjordane, seier Teigen.