Sa ja til bompengar på ny kystveg

Fylkestinget med unntak av dei fire representantane frå FrP, sa i dag ja til at kystvegparsellen mellom Florø og Måløy kan finansierast med inntil 50 % bompengar.

Fylkestinget i Balestrand

SAMLA I BALESTRAND: Fylkestinget har kome med fleire vegkrav under samlinga.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Samstundes skal det jobbast vidare med alternativ til å fullfinansiere vegen, den såkalla 45-minuttsregionen.

Vil ha utbetra parsellar på E39

Fylkestinget har dei to siste dagane vore samla i Balestrand og eit samla fylkesting krev at Stortinget gjev oppstartsløyving neste år til utbetring av nye parsellar på E39. Det gjeld dei smalaste parsellane mellom Vadheim og Sande, og mellom Bjørset og Skei. Vidare krev dei oppstartsløyving på Loftesnesbrua på riksveg 5 i Sogndal.

Ønskjer nattferje

Fylkestinget krev også fleire ferjeavgangar og nattferje på sambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes. I tillegg krev fylkestinget pengar til planlegging av Strynefjellet, Vikafjellet og vegløysing kring Førde.

Kystvegen, Illustrasjon

KYSTSTAMVEGEN: Slik ser forslaget til ein ny kyststamveg ut.