Det meiner Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap).
Han fryktar at det vil gå 15-20 år før den smale vegen innetter Dalsfjorden blir utbetra.
– Dersom vilkåra for bompengar er til stades, er eg klar for å gå for det, seier Helle til Firda.
Sa nei i Nordfjord
Ordføraren tek dermed til orde for ei liknande løysing som det politikarane i Stryn tidlegare i år sa nei til. Der stemte kommunestyret imot bompengeløysing for å få framskunda utebringa av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.
- LES OGSÅ:
Bompengar har også vore tema for å få realisert kystvegen Florø - Måløy, og ein eventuell Førde-pakke på E39.
Men vegen frå Dale til Osen i Gaular er så dårleg at ein ikkje kan vente på offentleg finansiering meiner Helle.
(Artikkelen held fram under katet.)
- LES OGSÅ:
Trur ikkje bompengar skremmer
Ordføraren viser til at Dalsfjordbrua som opna i 2012 truleg vil føre med seg trafikkauke langs strekningen som mange alt i dag brukar til jobbpendling. Med brua på plass, ventar Helle at også askvollingar køyrer om Dalsfjorden.
– Bompengar vil kanskje få enkelte til å velje andre ruter, men neppe mange, seier han til Firda.
– Må vere villige til å betale litt
Utan bompengar må oppgraderinga av vegen vente på tur. Fylkespolitikarane har prioritert Dalsfjordbrua, Bremanger II, Olden-Innvik og Hornindal-Møre på plassane framfor fylkesveg 57.
Då kan 50 kroner i bompengar vere ei løysing, trur Helle.
– Skal vi få fortgang i dette, må vi vere villige til å betale litt sjølve, seier han til avisa.
Helle understrekar at bompengeforslaget førebels berre er eit personleg ytring, men at han vil jobbe for å få forslaget inn i Fjaler Ap sitt program.
- LES OGSÅ.
(Artikkelen held fram under avrøystinga.)
Berre to bomvegar att
Etter at Naustdalstunnelen og Fjærlandsvegen i løpet av 2010 etter tur er nedbetalte og bomstasjonane avvikla, er det berre to bomvegar att i Sogn og Fjordane - begge i Sogn.
På ferjesambandet Lavik - Oppedal blir det kravd inn pengar for Bogstunnelen på E39, mens Fatlatunnelen på rv. 5 mellom Sogndal og Leikanger har autopass-ordning.
Bompengefinansieringa av Manheller - Fodnes, kravd inn på ferjebilleten, var nedbetalt for eit par år sidan.