Hopp til innhold

Fylkestinget gir pengar til MGP

Leiar av fylkeskulturutvalet, Sissel Loen frå Høgre gjekk i fylkestinget imot å løyve 750 000 kroner til Melodi Grand Prix i Florø neste år.

MGP i Florø
Foto: Rune Fossum

Eit stort fleirtal i Fylkestinget vedtok likevel å løyve 750 000 kroner til arrangementet.

Motstanden kom frå SV og Krf samt to representantar frå Venstre og to frå Høgre som ikkje ville bruke fylkekommunale pengar på eit kommersielt arrangement som MGP i Florø er. Dei ville heller bruke pengane til lokale kulturarrangement retta mot born og unge.

Eventselskapet HippHipp Flora hadde søkt om 900 00 kroner, det same som dei fekk i fjor. Per Øyvind Helle har tidlegare sagt at pengane frå fylkeskommunen er heilt avgjerande for å kunne gjennomføre ein ny delfinale i Florø.