NRK Meny
Normal

Så forskjellig hjelp får trillingforeldre

Trillingforeldre får svært forskjellig hjelp av kommunane. Utan nasjonale retningslinjer endar nokon familiar opp med god hjelp, medan andre nesten ikkje får hjelp i det heile. I verste fall kan lite hjelp gå ut over utviklinga til barna, meiner overlege.

Therese og Kenneth Solsvik saman med trillingane sine og Åshild Svendsøy

TRILLINGAR: Therese Marie Borgen Solsvik og Kenneth Solsvik er svært takksame for hjelpa dei har i Åshild Svendsøy (lengst til høgre). Her har dei trillingane Viktor, William og Oskar i hendene.

Foto: Anna Gytri / NRK

– For tidleg fødde og trillingar er i utgangspunktet ei litt sårbar gruppe som treng litt ekstra. Desse familiane bør ha eit minimumstilbod for å sikre barna best mogleg vilkår, seier Hege Kristiansen som er overlege ved barneavdelinga på Førde sentralsjukehus.

Ny kvardag med tre små

I ein tomannsbustad i eit av dei nyare byggefelta i Førde er det ein stille føremiddag. Firebarnsmor og trillingmamma Therese Marie Borgen Solsvik (30) sit i sofaen, innpakka i eit pledd ligg vesle Viktor og søv i fanget hennar.

– Det er heilt fantastisk å kunne sitte slik, seier trillingmora og ser bort på ektemannen Kenneth Solsvik (30) som sit med broren Oskar i nevane.

– Oskar er den mest tolmodige av dei tre. Med dei to andre er det fullt hylekor med det same dei er svoltne, seier Solsvik og puttar i smokken på sonen.

Frå sofaen kjem det eit lite knirk frå tredjemann William. Han ligg trygt i armane på det som ved første blikk kan sjå ut til å vere bestemora. Med trygge nevar stryk Åshild Svendsøy den vesle guten over ryggen.

– Der kom rapen, seier ho.

– Det er ikkje luksus, men nødvendig

Åshild Svendsøy

ERFARING: Åshild Svendsøy har arbeidd som helsesøster i 42 år. No hjelper ho trillingfamilien i kvardagen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Den 68 år gamle kvinna har blitt ein stor ressurs for dei. Frå måndag til fredag er ho hos familien i fire timar for å hjelpe med mating, stell og anna husarbeid.

Fire netter i veka har familien i tillegg ei nattevakt som tek seg av nattemåltida for dei tre små.

– No har vi overskot på dagtid til å sjå barna ordentleg. Vi har tid til å kose med trillingane, og til å vere med jenta vår på fem år. Vi har tid til kvarandre og vi er ikkje så utslitne, fortel dei.

– Mange seier at vi er heldige som har nattevakt, og det er vi. Men det er ikkje slik at dette er ein luksus for oss. Det er rett og slett nødvendig for at vi skal klare å ta oss skikkeleg av dei, seier Therese.

Gjekk månader i uvissa

Det finst ingen nasjonale retningslinjer, og det er dermed opp til kvar enkelt kommune om trillingfamiliane skal få hjelp, og eventuelt kor mykje.

Då paret i vinter fann ut at dei venta trillingar frykta dei det verste.

Erfaringa frå andre trillingforeldre tilsa at dei ikkje kunne vente seg spesielt mykje. Uvissa vart ei belastning som kom oppå alt det praktiske dei måtte ordne med klede, utstyr, hus og bil.

– Vi gjekk med ein stor klump i magen, seier Kenneth.

Tenk deg å få beskjeden om at du ventar ikke ett, ikke to, men tre barn. For eit ungt par i Førde har dette snudd opp ned på livet. Nå gleder de seg til fødselen, men bekymrer seg også for hvordan de skal klare å ta seg av tre babyer uten hjelp.

SJÅ TV-SAKA: Trillingforeldra Kenneth Solsvik og Therese Marie Borgen Solsvik uroa seg for kva hjelp dei ville få medan barna var i magen.

Kom til verda elleve veker for tidleg

Trillingar kjem som regel til verda ved planlagt keisarsnitt i veke 34. Dei tre gutane til foreldra frå Førde nekta å vente så lenge, og kom til verda i veke 29, elleve veker for tidleg.

Etter fødselen på Haukeland universitetssjukehus vart dei flytta til sjukehuset i heimbyen Førde, der gutane fekk vere til dei var nesten tre månader gamle.

Therese var under utdanning då ho vart gravid, og greidde ikkje opparbeide seg rett til foreldrepengar. Dermed har heller ikkje pappa Kenneth rett på foreldrepengar, og då trillingane kom heim frå sjukehuset for snart tre veker sidan måtte han tilbake i jobb.

Takka vere hjelpa frå kommunen blir Therese ikkje åleine.

– I helgene når vi er utan nattevakt får vi kanskje sove eit par timar. Men vi kjem oss gjennom det, for vi veit at vi kan sove og opparbeide oss overskot igjen når vi får nattevakt i veka, seier firebarnsfaren.

Therese Marie Borgen Solsvik med sonen Viktor på fanget

KOS: Mamma Therese Marie Borgen Solsvik seier den tida ho får til å berre kose med dei små er svært viktig.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det gir barna meir å ha foreldre som er utkvilte

Dei fire nettene familien har nattevakt søv foreldra på soverommet oppe. Nattevakta tek seg av nattemåltid, bleier og roar ungane. Det går som regel i eitt. Matinga kan ta opp mot ein time, per unge.

At nokon vil seie at dei mister noko med å overlate ansvaret for barna så fullstendig til andre er ikkje foreldra samde i.

– Vi har dei heile dagen og kvelden og i helgene. Det gir barna så mykje meir om vi har overskot til dei på dagen, seier Therese.

Pappa Kenneth er rask med å skyte inn.

– Ingen greier å gå lenge utan søvn. Er ein sliten og utbrent blir det til at ein ikkje plukkar barna opp og gir dei hud mot hudkontakt og kos, sjølv om ein har lyst til det. I staden må ein hente seg inn att.

– Utruleg urettferdig

Foreldreparet i Førde kjenner seg heldige, men med ein bismak i munnen. Fire dagar etter at deira trillingar kom til verda på Haukeland universitetssjukehus, fekk ein familie frå Bergen sine tre små. Den familien får ikkje same gode hjelpa.

– Det er utruleg urettferdig at det skal vere slik at det er opp til kvar enkelt kommune kva hjelp ein får. Trillingar gir uansett ei ganske lik arbeidsmengd, seier Therese.

Familien dei snakkar om bur i eit rekkehus i Loddefjord i Bergen. Anne Cecilie Schenken (36) har sendt eldstesonen John Mathias på fire år i barnehagen. Heime har ho og mannen Karl Haugland fullt opp med å ta seg av Emil, Emma og Nora.

– Dei skal ha mat kvar tredje time, dei skal ha stell, vi skal vaske og sterilisere flasker … Søvn er ikkje eit tema i det heile teke. Kanskje får vi tre timar søvn i løpet av ei natt, seier Schenken.

Kenneth Solsvik er blitt god på multitaskin som trillingpappa

MULTITASKING: Pappa Kenneth Solsvik er blitt vand med multitasking etter at han fekk tre små på same tid.

Foto: Anna Gytri / NRK

Miste mjølka etter lite søvn

Då ho fekk vite at dei venta trillingar førebudde ho seg raskt på å klare seg åleine.

– Vi fekk høyre frå fleire at Bergen kommune ikkje er dei som gir mest hjelp. Mange har ikkje fått noko, så vi rekna ikkje med å få hjelp.

Foreldre som får trillingar får 14 veker ekstra permisjon om dei vel 80 prosent lønn. Med utsikter om lite hjelp valde begge foreldra å vere heime i starten. Til no har dei fått seks timar hjelp i veka. Når ektemannen går tilbake i jobb skal Schenken få fem timar hjelp om dagen, måndag til fredag.

– Eg er veldig glad for den hjelpa vi får, men vi skulle veldig gjerne hatt hjelp om natta, seier Schenken.

– Det blir lite søvn, og det går ut over alt. Du orkar å bytte bleie, gi dei mat og trøyste dei når dei skrik. Men det blir ikkje så mykje meir enn det ...

Firebarnsmora seier ho ønskte å gje barna så mykje morsmjølk så mogleg, men at ho raskt miste mykje av mjølka.

– Når du ikkje får sove om natta, så går det utover mjølkeproduksjonen. Det er veldig dumt.

Anne Cecilie Shenken og mannen Karl Haugland med trillingane Emma, Emil og Nora og John Mathias (4)

VIL HA NATTEVAKT: Anne Cecilie Schenken skulle ønske kommunen kunne gje henne og familien hjelp om natta. Her saman med mannen Karl Haugland, og barna Emma, Emil og Nora og John Mathias (4).

Foto: Henning Rasmussen/Privat

– Mange strekkjer ikkje til

At kommunane vurderer behovet for hjelp forskjellig veit trillingkontakten i Tvillingforeldreforeningen (TFF) alt om. Då Anne Winsnes Rødland (34) fekk trillingar for snart tre år sidan måtte ho og mannen klage heilt til fylkeskommunen før dei fekk hjelp.

– Vi veit at det er nokon få som er heldige og får den hjelpa dei treng. Men for dei fleste er det vanskeleg å få hjelp. Dei får tilbod om lite og ingenting, dei må klage og anke vedtaka, og mange gir opp. Nokre får hjelp etter ein lang kamp, seier ho.

Rødland seier TFF ønskjer å knyte permisjonen til tal barn, ikkje tal fødslar. Målet er å få permisjonen meir fleksibel slik at begge foreldra skal kunne gå heime samtidig.

– Vi meiner det vil vere ei god langtidsinvestering for samfunnet å prøve å gi trilling- og tvillingforeldre ein mindre tøff start, slik at færre foreldre blir utslitne og utbrente og dermed klarar å stå i jobb, seier Rødland.

Tvillingforeldreforeninga har også bede om at det kjem på plass nasjonale retningslinjer for å sikre trillingfamiliar betre og meir lik hjelp, men har ikkje nådd fram.

– Sjølv om ein er to foreldre, så er det framleis tre barn. Det å skulle ha tid til omsorg og blikkontakt, og det å berre vere med barna, det er veldig vanskeleg. Dei fleste strekkjer ikkje eingong til på dei elementære tinga.

Hege Kristiansen

OVERSKOT: Overlege Hege Kristiansen seier det er svært viktig at trillingforeldre har tid til å gje barna ansikt- til ansiktskommunikasjon.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Slitne foreldre kan gå ut over barna si utvikling

Og nettopp tid og ork til å gje barna meir enn det elementære er overlege Hege Kristiansen ved sjukehuset i Førde oppteken av. Ho har jobba med premature i ei årrekkje.

– Ut frå eit barnelegeperspektiv synest eg at ein skal sjå på kvar familie for seg. Men dette er ei gruppe det kunne vore gjort meir for på eit nasjonalt plan, seier ho og meiner det burde ligge eit nasjonalt regelverk i botn.

Kristiansen seier hjelp på nattetid er svært viktig om foreldra skal ha overskot til det viktige samspelet med tre små. Ho viser til at det å mate tre babyar kan ta mellom to og fire timar til saman per måltid, og at dei fleste babyar et to gonger per natt.

– Då blir det ikkje mykje tid igjen for foreldra til å sove. Om den eine forelderen skal på jobb, så tenkjer gjerne mange at den må skånast, då blir det gjerne den forelderen som har ansvar på dagen, som også tek ansvaret på natta.

– Då er ikkje den forelderen i stand til å vere så omsorgsfull og livleg i den ansikt- til ansiktskommunikasjonen som er gunstig for barnet si utvikling.

– Ulik hjelp til ulike familiar

Også i kommunane har dei forståing for at trillingforeldre treng hjelp. Kurt Even Andersen er kommunalsjef for helse og sosial i Førde.

Kurt Even Andersen

GOD START: Kurt Even Andersen seier Førde kommune er oppteken av å gje trillingforeldra ein god start, slik at dei kan klare seg utan hjelp innan kort tid.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det er ei stor omvelting å få tre babyar i hus. Vi er opptekne av at foreldra skal få ein god start, at dei får hjelp til å ta vare på barna, men ikkje minst å kome inn i gode rutinar. Hovudhjelpa vår er å gi rettleiing til å kunne klare dette sjølve, innan kort tid, seier Andersen.

Han trur derimot ikkje nasjonale retningslinjer er vegen å gå for å sikre trillingforeldre best mogleg hjelp, men forstår at dette kan gjere det enklare for foreldra.

Andersen understrekar at dei gjer konkrete vurderingar for kvar familie, og at det ikkje er gitt at andre trillingforeldre i kommunen får lik hjelp som familien Solsvik.

– Familiar i ulik situasjon vil få ulik hjelp, og slik blir det også mellom kommunane.

Kommunen blir møtt av forventningar

Kjell Wolff, etatsjef i Bergen kommune

PROBLEMATISK: Etatssjef i Bergen kommune, Kjell Wolff, vedgår at det gjer det vanskelegare for kommunen at det ikkje er nasjonale retningslinjer.

Foto: Privat

I Bergen kommune seier etatssjef for forvaltning, Kjell Wolff, at dei har konkrete kriterium for kva hjelp trillingforeldre skal få. Når den eine forelderen er i arbeid kan trillingforeldre få inntil 25 timar i veka med ein såkalla familievikar. Wolff seier dei berre gir hjelp om natta i tilfelle der det er snakk om sjukdom.

Etatssjefen vedgår samtidig at det er problematisk at det ikkje finst nasjonale retningslinjer for kva hjelp kommunen skal gi trillingforeldre, og seier dei blir møtt av forventningar når andre kommunar tilbyr meir.

– Hadde det vore enklare for kommunen om ei trillingmor i Førde og ei trillingmor i Bergen fekk same hjelpa?

– Dette hadde vore viktigast for dei som får hjelpa. Men det er klart sakshandsaminga og vurderinga frå vår side hadde vore enklare med klare køyrereglar, seier Wolff.

NRK har vore i kontakt med Helsedirektoratet. Dei seier det ikkje er eit nasjonalt regelverk på trappene og at dei ventar at kommunane ivaretek trillingfamiliane.

– Dei hadde ikkje greidd seg utan hjelp

På vaskerommet i tomannsbustaden i Førde har familien laga til ein stellestasjon for dei små. Stablar med bleier, klutar og babyklede ligg sirleg på hyllene over stellebenken. Med mjuk stemme snakkar Åshild Svendsøy til den tre månader gamle babyen som sprellar ivrig med nakne lår.

– Hei Oskar. Har du det bra? No skal du få ny bleie, pludrar ho.

Etter 42 år som helsesøster pensjonerte ho seg i vår. Då ho fekk spørsmål frå kommunen om å steppe inn som hjelp for trillingane var ho ikkje vond å be.

– Gjennom alle desse åra som helsesøster har eg sett kor travelt det er med éin unge. Så kan alle tenkje seg kor travelt det er med to eller tre … Det går i eitt, seier ho.

– Hadde dei greidd seg utan deg?

– Dei hadde ikkje greidd seg utan hjelp. Alt går, men det er ikkje nokon ideell situasjon å ha det så travelt. Foreldra skal ha tid til å sjå barna, kose seg og kjenna på gleda. Ikkje berre vere utslitne, slår ho fast.

Åshild Svendsøy varmar melk

HJELP: Åshild Svendsøy har 42 år som helsesøster bak seg. No er ho pensjonert og hjelper trillingforeldra med alt frå mating, stell og klesvask.

Foto: Anna Gytri / NRK
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote