Vegen mellom Skei og Lundebotn blir truleg ikkje opna onsdag klokka 8, slik planen var. Johnny Dvergsdal i Mesta seier dei må fjerne så mykje masse at dei ikkje klarer å bli ferdige. Arbeidet krev dagslys, og vegarbeidarane får berre jobba for fullt seks timar om dagen. Dvergsdal seier han håpar dei i dag skal få ut seks bilar og ein trailer som har stått innestengd sidan rasa langs Kjøsnesfjorden gjekk søndag.
Sjå siste oppdateringar her:
Vegvesenet på Internett: Stengde vegar i Sogn og Fjordane
Sjå meir: Uvêret i Sogn og Fjordane
Stengde riksvegar
Rv 5 Skei-Lundebotn, stengt på grunn av ras. Vert ikkje opna før tidlegast onsdag morgon klokka 8, men mest truleg seinare.
Rv 55 Sognefjellet, vinterstengt etter uvêret.
Stengde fylkesvegar
Fv 8 Ikjefjord ved skulen, stengt på grunn av fare for ras.
Fv 691 Aa-Ommedal ved Laksehammaren, stengt på grunn av ras.