Det lokale politiet, livvaktene til kongehuset og spesialtrente bombehundar skal syte for at ingenting skjer kongeparet på deira ferd gjennom Sogn. Hundane kjem frå Oslo politidistrikt og blir nytta til å gå gjennom områda kongen og dronninga skal innom.
– Men vurderingane som er gjorde på førehand tilseier ikkje at noko spesielt skal skje, seier politioverbetjent Olav Borlaug, som har ansvaret for koordineringa av vakthaldet rundt kongebesøket.
Elddåp for politibåt
Borlaug fortel at både dei og Politiets sikkerhetsteneste har føreteke trusselvurderingar i forkant av besøket og at faren for at noko skal skje blir vurdert som liten. Likevel blir det eit omfattande sikkerheitsopplegg. Politidistriktet sin nye politibåt vil følgje kongeskipet langs fjorden, og når kongeparet skal ferdast langs landevegen blir det til ei kvar tid minst tre politibilar i følgjet.