– Sogn var fantastisk Etter ein og ein halv time med øsande regnver under Håkonarspelet takka Kong Harald for reisa gjennom Sogn. -Det har vore ein fantastisk tur, sa Harald.
Avslutta i øsande regnver Paraplyane måtte fram i GulenDen kongelege ferda gjennom Sogn vart tysdag ettermiddag avslutta i øsande regnver i Gulen. Klokka 14 gjekk Kongen og Dronninga i land på Prestekaia i Eivindvik.
Besøkte verftet i Leirvik Kongeparet vart møtt av direktør Arne Jan Engen då dei kom til Havyard Leirvik klokka halv tolv i dag. Der vart dei orienterte om det moderne verftet.
Møtte enka etter krigshelt Kong Harald la i føremiddag ned krans på minnebautaen over krigshelten Harald Risnes. Der møtte han og Dronninga også enka etter oberstløytnanten, Aslaug Risnes.
-Engasjert Sonja -Sonja var svært engasjert og viste store kunnskapar om både kunst og arkitektur. Det sa kunstnaren Bjørg Frøisok Bjøberg etter å ha vore kongeparet sin guide i Balestrand.
Kongen stoppa for Endre Nikolai Mange er dei som har stått langs kongeruta for å få bilete av kongeparet. Sjeldnare er det at paret stoggar for å la seg fotografere. Det fekk unge Endre Nikolai Offerdal til.
Regnet innhenta Sonja Då Sonja kom til Futegarden i Balestrand måndag ettermiddag fekk ho for første gong møte regnveret i Sogn. Ho vart teken i mot av ein godt budd Frode Høyvik.
Ungar utkledde som kyr På Flatbygdi skule i Vik besøkte kongeparet dei to klasseromma til 1. klasse. Etterpå var det leik og skodespel med ungar utkledde som kyr.
Gav gamalosten toppkarakter Kongen smilte godt då han hadde avlevert toppkarakteren. (Foto: R. Søgnesand, NRK)På ein skala frå null til 10 gav Kong Harald gamalosten ein 11'ar! Han og Dronninga fekk servert osten frå meieriet i Vik i føremiddag.