Hopp til innhold

Rumenaren erkjende rubbel og bit av lovbrot

Kompisen fekk to år og ti månader i fengsel for den lange rekkja med lovbrot. Sjølv vedgjekk 25-åringen alt, og slapp med fengsel i to år.

Innbrot Biltema Førde

INNBROT: Dei to rumenarane prøvde seg på safen til Biltema i Førde.

Foto: Biltema

Dei to rumenarane hadde 17 hektiske dagar på norsk jord før dei vart arresterte i Bergen 12. november 2014.

Før jul vart den første funnen skuldig i totalt 33 lovbrot. Nyleg erkjende nummer to alle lovbrot i Bergen tingrett.

I tillegg til dei to dømde, er ein tredje person etterlyst internasjonalt etter innbrotsraidet.

– Kriminaliteten har etter rettens oppfatning hatt eit planmessig og organisert preg, og det er på det reine at tiltalte har gjort seg skuldig i handlingane saman med i alle fall ein annan person, skriv dommarfullmektig Tage Henningsen.

Innbrot i Førde

Mennene opererte hovudsakleg i Hordaland, men var også på lynvisitt til fjordfylket. Berre ei veke før dei vart arresterte tok mennene seg inn på Biltema i Førde.

Innbrotet var eitt av åtte der dei ikkje fekk med seg noko av verdi. Samstundes som politiet i Sunnfjord dreiv klappjakt på tjuvane, returnerte rumenarane til Bergen med buss.

Bergen tingrett meinte tiltalte utvilsamt kan skildrast som mobil vinningskriminell, som kjem til Norge for å drive vinningskriminalitet. Modusen er enkel – raskt inn, få med seg så store verdiar som mogleg, og raskt ut att.

1,1 millionar i erstatning

Depot i bergensområdet

DEPOT: I bergensområdet fekk politiet tips om eit mogeleg innbrot. I staden fann dei depotet til mennene.

Foto: Politiet

Både i eit ubebudd hus, og på ei hytte som mennene disponerte i bergensområdet, fann politiet tjuvegods og kontantar.

Mennene fekk med seg store verdiar, og gjorde skadar for endå større verdiar. Tiltalane omhandlar mellom anna over 230 000 kroner i kontantar, samt fleire bilar, verktøy og syklar.

Rumenaren som nyleg fekk dommen, vart dømd til å betale 1,1 million kroner i erstatning.

Strafferabatt

Bergen tingrett la stor vekt på at 25-åringen erkjende langt meir enn makkeren sin.

– Det har ført til betydeleg prosessøkonomisk vinst, ved at alle 38 vitne i bevisoppgåva kunne fråfallast, slik at ei sak fastsett over fire dagar kunne gjennomførast på ein dag, skriv Henningsen.

Etter dommen før jul samarbeidde han også godt med politiet, utan at tingretten meinte dette fekk stor betydning for etterforskingsarbeidet. Retten meinte fengsel i to år var passande. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 245 dagar varetekt.