Hopp til innhold

Ruben køyrer rosa bil heile oktober

FLORA (NRK): Under Rosa Sløyfe-aksjonen i år er det mange som bidreg med pengar, men Ruben Solheim har gjort noko utanom det vanlege.

Farga bilen sin rosa

ROSA: I høve merkemånaden retta mot brystkreft folierte Ruben Solheim bilen sin rosa.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Dette har eg betalt for heilt sjølv, for å seie det sånn.

Ruben Solheim er stasjonssjef ved Circle K i Florø, og i mange år har dei i likskap med fleire bensinstasjonar i fylket vore med på å samle inn pengar til Kreftforeninga under Rosa Sløyfe-aksjonen. I år bestemte han seg for å gjere noko utanom det vanlege – å farge bilen sin rosa.

Foliert rosa

ROSA: I starten av månaden folierte Ruben Solheim privatbilen sin rosa med pengar frå eiga lomme. – Folk legg jo merke til bilen min og på den måten kan det hende dei engasjerer seg meir, smiler han.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Eg vil vise folk at eg bryr meg litt ekstra, at eg verkeleg synest at det er viktig å vise engasjement.

Bilen er merka med "Støtt Rosa Sløyfe" og eit nummer ein kan nytte for å donere pengar. Den er parkert utanfor bensinstasjonen. Ved å køyrer rundt i ein litt annleis bil, håpar han å minne folk på at det er ein månad dedikert til veldedigheit.

Eg vil vise folk at eg bryr meg litt ekstra

Ruben Solheim

Heldigvis har han aldri opplevd brystkreft i nær familie, men han fortel at han har sett fleire av vennane sine i sorg etter å ha mista familiemedlemmar.

– Det er ein frykteleg skjebne, seier han skarpt.

Kunde Linda Krossen er innom bensinstasjonen og er glad for at det er blest rundt brystkreftmånaden.

Linda Krossen kjøper gjerne kaffi til inntekt for Rosa Sløyfe

GIVARGLEDE. Linda Krossen kjøper gjerne ein dyrare kaffi til inntekt for forsking på brystkreft.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Eg er så takksam for at folk tek tak i dette i nærområdet mitt. Eg er sjølv kvinne og i risikogruppa for denne typen kreft, og kjenner fleire som har gått bort. Me treng meir forsking for å få fleire til å overleve, fortel ho.

Kaffikopp mot kreft

For å samle inn mest mogleg pengar til Kreftforeninga har Solheim og kollegaene sett opp 11 flagg med informasjon, og dekorert bensinstasjonen med rosa plakatar. Rosa koppar står ved kaffimaskina. Desse kostar fem kroner meir enn den vanlege kaffikoppen.

– Alt går til Kreftforeninga og vi tener ingenting på dette, seier han.

Solheim meiner det er viktig å få fram at dette ikkje er noko reklamestunt, men eit ærleg og viktig bidrag for å gi økonomisk støtte til forsking av ei av verdas mest utbreidde kreftformer. I tillegg til å selje rosa kaffikoppar gir dei vekk 50 kroner av kvar bilvask.

– Bilvasken er ikkje dyrare enn før, vi donerer 50 kroner av den ordinære prisen. Ei krone her og ei krone der, det blir eit godt bidrag til slutt, seier han.

I fjor samla bensinstasjonen inn 22.850 kroner, og i år håpar han å slå rekorden.

– Eg har eit personleg mål å samle inn 35.000 kroner denne gongen, fortel han og byr på ein kaffi.