Hopp til innhold

Roy trassa minusgradene for dette

12 bitande kalde grader og eit fastfrose stativ blir bagatellar når ein lukkast med å feste fleire stjerneskot på film. – Det var veldig vanskeleg, fortel hobbyfotografen.

Stjerneskot over Jutlamannen i Lærdal
Foto: Roy Trulssen

Roy Trulssen i Lærdal er blant dei som er over snittet interessert i nordlys og det som skjer på nattehimmelen. Lidenskapen har vakse seg stadig større, og stadig fleire kveldar og netter er lærdølen å finne under open himmel.

– Det er vanskeleg å forklare fascinasjonen. Folk må nesten sjå det live sjølve for å forstå det, seier Trulssen.

Stjerneskot på nattehimmelen i Lærdal

STJERNESKOT: Bitande kulde gjer ingenting når ein får fanga stjerneskot på nattehimmelen på film, seier hobbyfotograf Roy Trulssen som denne veka tok dette biletet.

Foto: Roy Trulssen

– Måtte krysse fingrane

Måndag kveld denne veka la Trulssen ut på ein av sine mange nattlege utflukter. Førjulssvermen Geminidene er ifølgje nettstaden Himmelekalenderen ein av dei flottaste og mest pålitelege av dei årlege meteorsvermane.

Men skal ein få auge på dei mange stjerneskota, og ikkje minst ta bilete av dei, så må ein ha vêrforholda på si side. Trulssen fortel at det først såg ganske mørkt ut.

– Eg måtte berre krysse fingrane for at det ikkje skulle vere for mykje skyer og for kaldt vêr, seier han.

Fotografen tok først turen til Vindedalen, ein stad han har fotografert mykje før, men der var det overskya. På veg oppover mot Hemsedalsfjellet møtte han regn, så då vende han nasen mot Filefjell. Der hadde han hellet med seg.

– Der var det klarvêr, så eg fekk knipsa eit bilete ut vindauget på bilen, fortel han.

Nordlys over Filefjell

NORDLYS: På Filefjell fanga Trulssen dette synet frå vindauget på bilen sin.

Foto: Roy Trulssen

Klar for mange fleire turar

Med kameraet vel rigga til og den trådlause fjernkontrollen i handa vart Trulssen ståande lenge å sjå på nattehimmelen. Men det er ikkje berre, berre å få bilete av stjerneskota.

– På eit til to sekund, så er dei borte vekk, seier han.

Men Trulssen fekk festa fleire av stjerneskota til film denne natta. Både på Filefjell og lenger nede i dalen. Etter nok ei kald natt ute, vedgår han at han kan bli lei. Men det er slett ikkje siste turen fordi.

– Då eg stod på Filefjell i 12 minusgrader, og stativet fraus fast slik at eg måtte bryte det laust for å greie snu kameraet… Då tenkte eg litt på at det kanskje hadde vore betre å vere heime, humrar han.

Stjerneskot over nattehimmelen i Lærdal

METEORSVERM: Førjulssvermen Geminidene er ein årleg sverm. Roy Trulssen fekk fanga fleire av stjerneskota med kamera.

Foto: Roy Trulssen