NRK Meny
Normal

Rottar seg saman mot Klakegg

JØLSTER (NRK) Dei siste 20 åra har Senterpartiet sete med makta, dei fire siste i samarbeid med Arbeidarpartiet. Men no har Arbeidarpartiet funne saman med Høgre og Venstre for å få bytt ut ordføraren.

Oddmund Klakegg

SPANANDE VAL: Oddmund Klakegg (Sp) er ordførar i Jølster.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Vallogo

– Ja, eg legg merke til det, men så er det og slik at i eit lokalval så skal ein kjempe om styringsretten seier sitjande Senterparti-ordførar, Oddmund Klakegg.

Klakegg tar imot NRK på eit kontor han ikkje har planar om å flytte ut av med det første. Han lovar å kjempe for at ordførarklubba blir på senterpartihender også dei neste fire åra.

– Vi meiner at den jobben vi har starta på, den er vi og nøydde å avslutte for Jølster kommune sin del.

Vil ha maktskifte

Sjølv om Jølster må seiast å vere tjukkaste senterpartiland, kan det syne seg å bli tøft denne gongen. Ved førre val samarbeidde dei raud-grøne om konstitueringa. Samarbeid er nok Senterpartiet avhengige av også denne gongen, men sidan førre val har samarbeidet med Ap surna betrakteleg.

Varaordførar Ragnhild Sæle (Ap) meiner det no er på høg tid å få bytt ut Senterparti-ordføraren.

– Det har ikkje blitt slik vi hadde tenkt oss. Senterpartiet har eigentleg ikkje tatt Arbeidarpartiet med. Både i 2013 og 2014 vart Venstre invitert med på budsjettmøtet, men ikkje Arbeidarpartiet.

Ved dei to siste vala har Arbeidarpartiet vore det nest største partiet i Jølster. Ved førre val fekk Sæle tilbod om ordførarjobben i byte mot avtalen med Sp, og heller samarbeide med Høgre og Venstre. Den gong takka Sæle nei.

– Hadde eg visst i 2011 det eg veit no, så trur eg det hadde sete mykje lenger inne å støtte Senterpartiet.

Ragnhild Sæle, Anders Kristian Sægrov og Judith Kapstad

YNSKJER MAKTSKIFTE: Ragnhild Sæle (Ap), Anders Kristian Sægrov (H) og Judith Kapstad (V).

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Nye kostar

Alle dei tre partia understrekar at dei går til val på eigne program og ikkje har inngått nokon formell samarbeidsavtale. Men dei tre samarbeider godt, og i Venstre meiner Judith Kapstad at det er på tide med nye kostar.

– No har vi fått mykje tilflytting til bygda av folk med ulik bakgrunn. Vi har ikkje lenger landbruk som hovudnæring, seier Judith Kapstad (V).

Ho er opptekne av at ein må utvikle kommunen også for dei som ikkje er knytt til landbruket.

– Vi har mykje høgt utdanna ungdom som vil flytte tilbake. Vi må få variert næringsliv og vi må gjere og Jølster til ein god bukommune for eventuelle arbeidsplassar som kan vekse opp i nabokommunen Førde, seier Kapstad.

– Vi er nøydde til å få til utvikling i kommunen, seier Anders Kristian Sægrov (H).

Sægrov er ordførarkandidat for Høgre og den siste brikka i trioen som jobbar for maktskifte i Jølster.

– Vi må få snudd folketalsnedgangen, og kome i ein positiv spiral. Då må vi få utvikla bustadareal, og næringsareal på Skei og på sikt også på Moskog, seier Sægrov.

Har fått til mykje

Tilbake på ordførarkontoret har ikkje Klakegg tenkt å kvile på laurbæra, sjølv om han er nøgd med det dei har fått til dei siste fire åra

– Vi har fått bygt mykje, blant anna to barnehagar, ny sjukeheim og omsorgsbustadar på Skei og er i full gang med å starte bygging av 12 nye omsorgsbustader på Vassenden.

Kommunen har investert for 50–60 millionar kroner i året. Klakegg syner òg til at dei har jobba tungt med å få til sårt naudsynte oppgraderingar av hovudvegane gjennom kommunen.

– Det er vel i korte i trekk det eg er mest nøgd med. Samstundes står det mykje igjen, blant anna oppfølging av kommuneplanen, og dette med investering i skulane våre som eg vil få avslutta før eg har tenkt å gi meg.

.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser