Hopp til innhold

Hadde klump i halsen då dei såg reaksjonane på naudhjelpa

Gleda og takksemda var stor då Magnar Skorven og kona med fleire delte ut naudpakkar til tyfonråka på Filippinane. Den garva sjukepleiaren fortel om rørande møte med folk som har mista alt dei har.

Glade for hjelp

SMILTE RUNDT: Denne vesle guten smilte rundt då han fekk matrasjon til familien sin.

Foto: privat

– Spesielt i dei situasjonane der det var ein unge som kom fram for å ta i mot familien sin rasjon, hadde eg ein stor klump i halsen fleire gonger. Det er sterkt, seier Magnar Skorven.

Han og kona Jocelyn frå Førde har brukt ferien til no til å hjelpe mange av dei som er hardt råka av tyfonen som råka landet natt til 8. november. I alt har dei delt ut 400 pakkar med familiedagsrasjonar og 100 pakkar med medisin.

– Det har vore sterkt å sjå kor mykje som er øydelagt. Samtidig var det godt å sjå kor glade dei var for hjelpa. Det gler midt oppi alt som er trist, seier Sorven, som til vanleg er sjukepleiar i Helse Førde.

Venner samla inn pengar

Ferieturen til Naga City i Cebu var bestillt lenge før tyfonen råka. Ekteparet var klare på at dei ville gjere det dei kunne for å bistå i ein slik situasjon.

Difor kjøpte dei inn mat nok til å lage 100 dagsrasjonar for ei familie, med tanke på å ta dei med til eit område litt lenger nord enn der dei sjølve held til, der behovet er stort.

Samtidig engasjerte fleire av venene til familien Skorven seg her heime. Hilde Hallerud i Førde oppretta konto, og via Facebook, vart vener og kjende oppmoda om å heller gi pengar til dei som treng det, i stadenfor å kjøpe julepresangar.

– Då vi avslutta kontoen laurdag, hadde det komme inn 10.400 kroner. Dei er sende i sin heilskap til Magnar, og går til innkjøp av mat og medisinar, seier Hallerud.

Dei slapp også å betale gebyr på summen, grunna tyfonen og hjelpearbeidet rundt, dermed går kvar einaste kroner til hjelp.

(Artikkelen held fram under biletet)

I kø for mat

SYSTEM: Då matrasjonane vart delte ut, var det streng porsjonering og system, slik at alle skulle få.

Foto: privat

Er audmjuk og takksam

Hallerud er rørt over kor mange som har bidrege.

– Det er fantastisk at så mange har stilt opp. Vi er takksame og audmjuke, seier Hallerud.

Ho understrekar at i den store samanhengen vert dette som ein dråpe i havet å rekne, men at det kanskje har betydd ein litt enklare kvardag for nokon som er midt oppe i elendet.

– Det er vanskeleg å berre sitje å sjå på. Då er det betre å prøve å hjepe, seier Hallerud.

Summen som kom inn, gjorde til at familien Skorven kunne pakke 400 familiedagsrasjonar, samt 100 pakkar med medisin.

Vart verre dess lenger nord dei drog

Søndag som var, drog dei 120 kilometer nordover, til ein stad som heiter Medellin, heilt nord på øya Cebu, for å levere frå seg 400 pakkar med naudhjelp.

– Vi trengde ikkje reise langt nord før vi såg spor etter tyfonen. Det låg hus som var blesne i vende, og mange hus var utan tak etter herjingane. Dess lenger nord vi kom, dess verre vart det, fortel Skorven.

På vegen dit såg dei også fleire fullasta bilar og lastebilar som var på veg nordover, lasta med naudhjelp.

– Då vi kom fram, tok vi kontakt med den lokale presten for å finne ut korleis vi kunne gjere ein best mogleg innsats, fortel Skorven.

Dei vart samde om at landsbyen Barangay Dalingding var dei som ville få best nytte av hjelpa.

– Etter ein tur på ein veg som mest minna om ein krøttersti, kom vi fram til landsbyen, fortel Skorven.

(Artikkelen held fram under bileta)

Jubla for hjelp

JUBLA: Då desse menneska skjønte det var hjelp å få, kom dei springande.

Foto: privat

Var som julaftan og 17. mai

Dei rigga seg til, og fekk samtidig sett seg litt rundt. Skulen deira mangla både veggar og tak, og helsesenteret var også utan tak.

Samtidig strøymde landsbybuarane til.

– Det var som julaftan og 17. mai på ein gong. Det gjekk for seg i strenge former. Ein representant las opp namnet på familieoverhovudet, og så kom ein frå familien fram og tok i mot pakken, fortel Skorven.

Han legg ikkje skjul på at det var rørande å sjå kor utruleg takksame mottakarane vart for det vesle dei fekk.

– Alle som kom fram, takka høfleg, fortel Skorven.

Dei som trengde det, fekk også medisinpakkar. Sidan landsbyen var liten, hadde Skorven og hjelparane att nokre matpakkar då dei forlet landsbyen.

– På vegen tilbake stansa vi der vi såg folk, og dei kom springande då dei forstod at det var hjelp å få. De skulle sett smila deira, spesielt på ungane, seier Skorven.

Treng gjenoppbygging

Han og kona skal vere på Filippinane fram til byrjinga av februar neste år, og håpar dei kan hjelpe til endå meir.

– Førebels veit vi ikkje heilt kva som vil vere den beste måten å støtte på. Slik det ser ut no, er mesteparten av øya vi er på, dekka, seier Skorven.

Han fortel at delar av Iloilo ikkje er dekt, men at det ligg såpass langt unna, at det vil koste for mykje å dra dit for å hjelpe.

– Då er det betre å støtte med pengar. Den hjelpa vi gav i Medellin var naudsynt, men samtidig er det no store ressursar på veg nordover til det området. Det som manglar, er pengar til gjenoppbygging, for å få i orden att infrastruktur, få på plass tak og veggar og liknande, seier Skorven.

Han rosar det filippinske folket, som står på for å hjelpe sine landsmenn så godt dei kan.

– Eg snakka med ein som var på veg heim. Han fortalde at han og kona hadde drive med naudhjelpsarbeid kontinuerleg i tre veker, i tillegg til jobben. Folk gjer ein fantastisk innsats, seier Skorven.