Hopp til innhold

Rolf reddar politihistoria, og vil ha hjelp frå deg

FLORØ (NRK): Rolf Endestad jobba 40 år i politiet. No brukar han pensjonistlivet på å samle blålys, køller, sambandsutstyr og anna politihistorie.

Rolf Endestad

STOPP: – Det var ikkje nokon diskusjon når dette skiltet vart vist fram, minnes tidlegare lensmann Rolf Endestad.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Eg huskar godt at dette var i bruk. Vi hadde private bilar som utrykkingskøyretøy den gongen, så vi sette skilt og kojak-lyset på taket, og så var vi klare til utrykking, seier Rolf Endestad.

Den pensjonerte lensmannen studerer dei gamle blålysa som han sjølv sette på taket av sin private bil, og køyrde ut til brotsverk og ulykker i fylket gjennom 40 år. No samlar han saman historia før det er for seint.

– Veldig mykje av dette hadde nok hamna i containeren, seier Endestad.

Politireforma gjer at mange lensmannskontor i desse dagar stenger dørene, så Endestad har mange kontor å besøkje. Snart går turen til Askvoll, det er 30 mil tur retur. Å vere historiesamlar tek si tid.

Kojak-lys og politiskilt frå 1950-talet

KLAR TIL Å RYKKE UT: Tidlegare var det var berre å hive blålyset på sin private bil, og køyre av garde.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Tungt og tungvint sambandsutstyr

Gjenstandane frå Sogn og Fjordane skal etter planen synast fram på eit nasjonalt politimuseum, som er under planlegging i Trondheim, skriv Firdaposten. Så langt er rundt 50 gjenstandar samla inn, mellom anna eit sporsikringsskrin.

– Dette er frå 1950-talet, og her har vi ulike pulver og børstar for å sikre fingeravtrykk. Eg har brukt det sjølv, for å sikre avtrykk i ein vindaugskarm eller på dører, så var det veldig nyttig.

Koffert med utstyr til å sikre spor

FINGERAVTRYKK: Denne kofferten frå 1950-talet var med ut på innbrot og åstadar. Med pulver og børstar sikra ein fingeravtrykk.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Endestad meiner likevel at sambandsutstyret har hatt den største utviklinga.

– Det var mange kilo å bere rundt på, men likevel eit stort framsteg frå å ha ingenting. Vi tok omsyn til avlytting og snakka litt i kodar for å unngå å kome inn på sensitive ting, minnes Endestad.

Men det er ikkje berre fysiske gjenstandar Endestad er på jakt etter. Gode historier er vel så kjekt.

– Historiene er nok forelda, så det er berre å kome med dei, ler han.

Lisens for ekstra piggar

Endestad pensjonerte seg i 2004, då hadde han 40 år i politiet si teneste bak seg, også mange år som lensmann i Førde, Flora og Naustdal. Etter kvart som gjenstandane vert samla inn vekka gamle minner til live, som «ekstrautstyret» han fekk ha på sin private bil.

– Vi fekk lisens for å ekstra mange piggar i dekka. Medan vanlege bilar kunne ha 100 piggar i dekka, så fekk vi dispensasjon til å ha 110, sidan bilane vart brukt til utrykking.

Rolf Endestad

EIN REVOLUSJON: Før var sambandsutstyret både større, tyngre og mindre sikkert.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK