NRK Meny
Normal

Rocketfarm klar med sin første Apple Watch-app

SOGNDAL (NRK): Er du lei av å måtte fikle med telefonen for å gje folk beskjed om kor du er? Ein ny app kan løysa det problemet.

Rikke Westvig

EIGEN IDÉ: Kommunikasjonsansvarleg i Rocketfarm Rikke Westvig, var lei av å aldri finna sjefen, Halvor Albert Gregusson. Det gjorde at ho kom opp med ideen om å laga appen 'Where', som skal gjere det enklare å finna ut kor andre personar oppheldt seg med eit enkelt tastetrykk.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Som kommunikasjonsansvarleg er ei av mine arbeidsoppgåver å snakke på vegner av dagleg leiar, og han fartar mykje rundt. Då kom eg opp med ideen om ein app som gjorde at eg kunne finne ut kor han er, utan at det forstyrrar han for mykje, seier Rikke Westvig, som er kommunikasjonsansvarleg i Rocketfarm i Sogndal.

Rocketfarm har i dag 13 tilsette og er eit høgteknologisk firma som jobbar med å finna opp framtidas løysningar innanfor felta konsulenttenester, robotikk og applikasjonsutvikling.

iPhone og Apple Watch

Ved hjelp av den nye appen dei har utvikla, kan brukaren finne ut kor ein annan brukar er ved å sende ein førespurnad om kor personen oppheldt seg. Med eitt enkelt tastetrykk, enten på klokka eller iPhonen, kan ein svara på kor ein er.

Slik ser "Where" ut

SLIK SER DET UT: Når nokon sender førespurnad om kor du oppheldt deg, ser det sånn ut på klokka.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Folk som køyrer mykje bil kan på denne måten enkelt gje beskjed om kor dei ligg i løypa om dei er for seint ute til nokon, utan å måtte leite fram telefonen frå lomma eller veska, seier Westvig.

Appen har fått namnet "Where", som på godt norsk kan omsetjast til "Kor er du?".

Utviklar frå Ukraina

Westvig kom opp med ideen, men det er opp til ukrainske Kostiantyn Koval å utvikla det frå ein tanke til ein applikasjon som fungerer som den skal.

– Vi er utruleg heldige som har han. Han er ein av dei aller beste på Apple Watch og IOS-programmering, seier Westvig.

På arbeidspulten sin har Koval to skjermar oppe og ein Mac-laptop på sida. Skjermane er dekka av side opp og side ned med programmeringskodar som berre dei færraste forstår. For Koval er det inga sak å forstå det, og det er ein av hovudgrunnane til at han vart henta frå Ukraina til Sogndal for tre år sidan.

Kostiantyn Koval og Rikke Westvig

SISTE FINPUSS: Kostiantyn Koval og Rikke Westvig gjer den siste finpussen på appen før den vert lansert seinare i november.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Alle appar som skal i App-store må godkjennast av Apple, og då må ein senda inn all dokumentasjon og fylla ut over 50 punkt før det vert godkjend, seier Koval.

Westvig er veldig nøgd med korleis appen har utvikla seg.

– Det vert alltid som eg har tenkt. Dei som jobbar her er utruleg flinke og då får ein det alltid som ein vil, smiler Westvig.

Kostiantyn Koval

IOS-UTVIKLAR: Når det kjem inn idear til nye applikasjonar til IOS er det Kostiantyn Koval frå Ukraina som står for programmeringa.

Foto: Thomas Brakstad / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser