- Vi vil bryte ned gamle haldningar om at nynorsk berre er for bønder i bunad, fortel initiativtakar til Målrockfestivalen Kurt Jevnaker.
Gåte og Tungtvann
Rock n'roll og nynorsk skal spele saman i skjønn harmoni under historias aller første målrockfestival denne sommaren. På scena skal profilerte band som Gåte og Tungtvann gjere ende på mytane om at rock er ungdom og storby, medan målsak er bunad, bygdeteater og Ivar Aasen. Målet er å skipe til eit arrangement der nynorsk og dialekt vert synleggjort som levande. Dessutan vil vi vise at ein kan gjere spennende ting på bygdene, fortel Kurt Jevnaker.
Meir enn rock
I tillegg til å vere ein musikkfestival, vil Målrock også gi plass til andre nynorske kulturuttrykk under festivalen, som går av staben i midten av august. Både litteratur, teater og biletkunst vil få plass i Årdal under arrangementet.