NRK Meny
Normal

Revisor slaktar investering

Dagleg leiar i Kryssrevisjon, Terje Førde, visste ingenting om millioninvesteringane til Bremanger kommune.

Terra
Foto: NRK

Kryssrevisjon har ansvar for revisjonen til Bremanger kommune.

- Veldig misnøgde

Førde er kritisk til at dei ikkje vart ikkje orientert om at kommunen i mai plasserte 170 millonar kroner i amerikanske høgrisikofond.

- Det er vi veldig misnøgde med. Eg las Finansavisen på tirsdag og då slo det ned som ei bombe for meg. Vi har revisjonsansvaret for Bremanger og den type transaksjonar av det omfanget burde vi visst om, seier Terje Førde.

Kjente ikkje til

Fredag sa ordføraren at han ikkje visste at kommunen hadde investert 170 millonar kroner av kommunen sine framtidige kraftinntekter i risikable obligajsonar i USA. Obligasjonane har til no falle med omlag 50 millonar kroner i verdi. Førde er ikkje sikker på om det kommunen har gjort er lovleg.

- Eg stiller spørsmål til om det som er gjort er i tråd med dei styringsinstrument som kommunen har vedteke i høve til delegasjon. Eg stiller også spørsmål til om kommunelova heimlar den type delegasjonar av eit slikt omfang, seier han.

- Har ikkje bede om svar

Også i helga har NRK prøvd å få tak i rådmann Tor-Kristian Gulhaugen- utan hell. Ordførar Kåre Olav Svarstad seier at han har snakka med rådmannen, og at rådmannen er i jobb. Men på spørsmål om kva forklaring rådmannen har gitt på kvifor han investerete 170 millionar i CitiBank obligajsonar utan å orientere han, svarar ordføraren slik:

- Det har eg ikkje bede om svar på. Det svaret skal vi nok få når vi har fått avklara dei viktigaste tinga, nemling oversikt over engasjementet vi har og fått sikra dei verdiane som vi har i verdipapir.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser