Hopp til innhold

Den tidlegare generalsekretæren er både skuffa og letta etter dagens nestleiarval i Sp

Med Ola Borten Moe som nyvald første nestleiar i Senterpartiet, konstaterte ein skuffa delegasjon frå Sogn og Fjordane at nestleiarkampen var tapt.

Steinar Ness

LETTA: For kort tid sidan stod tidlegare generalsekretær i Sp, Steinar Ness, midt i ein av fleire interne kranglar som siste tida har prega partiet. Etter måndagens leiarval er han letta over desse no er sett strek over.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesbenken sitt klare førsteval, Anne Beathe Tvinnereim, vart derimot vald til andre nestleiar under partiet sitt ekstraordinære landsmøte.

Tidlegare på dagen vart Trygve Slagsvold Vedum vald til Liv Signe Navarsete sin etterfølgjar som partileiar.

– Eg har arbeidd veldig aktivt for ei anna løysing, så er det slik at eg alltid vil stille meg bak den leiinga som partiet sitt landsmøte vel. Eg vil ynskje alle dei lukke til i eit viktig arbeid for Senterpartiet framover, seier Steinar Ness etter nestleiarvalet.

– Set strek over debatt

Den tidlegare partisekretæren frå Viksdalen i Gaular terga på seg fleire partifolk i Trøndelag då han i mars mellom anna skulda Ivar Vigdenes i Trøndelag for å ha ei sentral rolle i det han kallar eit "intrigemakeri" kring Sp-leiar Liv Signe Navarsete .

No er Ness glad for å setje strek over ei turbulent tid for partiet.

– I dag føler eg litt tomheit, men også samstundes lette for at det er sett strek for den debatten. No må vi gå vidare som parti ut frå dei vedtak som landsmøtet har fatta, seier Ness.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesbenken applauderer valet av Anne Beathe Tvinnereim som andre nestleiar.

STÅANDE APPLAUS: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane applauderer valet av Anne Beathe Tvinnereim som andre nestleiar i Senterpartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Støttar opp

– Eg tykkjer debattane har blitt gjennomførte på ein ryddig måte og i ein god tone, legg Ness til.

SP-toppane frå Sogn og Fjordane

FYLKETS REPRESENTANTAR: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane frå Sogn og Fjordane under landsmøtet til Sp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den førebels siste store striden stod nemleg om nestleiarvervet, der Ola Borten Moe vann med 160 røyster mot Tvinnereim sine 142. Sjølv om fylkesbenken tapte nestleiarkampen, godtek dei det demokratiske valet som landsmøtet gjorde.

Tvinnereim var også valkomiteen sin favoritt, med seks mot fire røyster.

– Vi hadde ynskt oss Anne Beathe. Utover det må vi respektere det fleirtalet i partiet har bestemt, seier fylkesleiar i Senterpartiet, Karen Marie Hjelmeseter, etter valet.

Takka Ness

Karen Marie Hjelmeseter under landsmøtet

SKUFFA: Karen Marie Hjelmeseter, fylkesleiar i Senterpartiet, er skuffa etter at Ola Borten Moe gjekk sigrande ut av nestleiarkampen i partiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Då Navarsete overrekte partileiarklubba til Trygve Slagsvold Vedum på måndag, takka ho også nemnde Ness, Anne Enger og Magnhild Meltveit Kleppa personleg frå talarstolen.

Ness meiner Navarsete sitt ettermæle som partileiar avheng mykje av kva som skjer i partiet framover, mellom anna ved Stortingsvalet 2017.

– Så håpar eg ho tek det med ro og syter for at ho blir heilt frisk, så er eg overtydd om at ho kan vere med å gjere ein stor jobb for Senterpartiet både i Sogn og Fjordane og på landsplan, seier Ness.