Hopp til innhold

Reodorklubben fekk gåve på 350 000

– Eg vart å glad at eg måtte tørke ei tåre i går, seier Frode Steen, som er sjef for Reodorklubben.

Reodor Klubben

JUBLAR OVER PENGEGÅVE: Reodorklubben i Førde får 350 000 kroner.

Foto: Pressebilete

Torsdag kveld dukka nemleg regionbanksjefen i Sparebanken Vest opp med ein sjekk på 350 000 kroner til Reodorklubben i Førde.

– Dette er ei av dei mest meiningsfylte gåvene vi har gjeve, seier regionbanksjef Arild Sandvoll

Teknologiklubb

Klubben vart starta av teknologimiljøet på Hellenes verft i januar 2017 og målet er gi eit tilbod til born om unge som vil utforske, lære og leike med teknologi. Eit tilbod som har synt seg å vere svært populært.

– Vi var i utgangspunktet rigga for å gi eit tilbod til 20 – 30 ungar ein gong i veke. No er vi 80 til 100 kvar einaste torsdag og nærmar oss 550 medlemmer total, seier Steen.

For å klare å ta unna den store interessa så vil dei utvide lokala med 200 kvadratmeter

– Vi skal bygge ein flott tre- og metallverkstad. Det kostar pengar.

Det nye verkstaden som skal avlaste dagens teknologilab er kostnadsrekna til 1,2 millionar kroner-

– Då treng vi slike kjempeflotte gåver, seier Steen.

Imponert

– Vi har utruleg sans for det som Frode og gjengen rundt han har fått til. Alle burde tatt seg ein tur innom og sett den stemninga og aktiviteten som er der, seier Sandvoll.

Han og Sparebanken Vest blar no altså opp 350 000 kroner for å støtte det nye tilbodet til teknologi interesserte barn og unge.

– Her det mange interesserte barn og unge. Det er eit ekstremt kreativ miljø der dei skaper det utrulegaste ut av nærast ingenting, seier Sandvoll.

Viktig tilbod

Etter det Steen kjenner til finst det ikkje noko liknande tilbod andre stader i landet i dag.

– Det er ikkje alle som er interesserte i fotball og handball, sjølv om vi har både fotball- og handballspelarar blant medlemmene. Eg trur og at det som det offentlege og media har sagt om at born og unge ikkje er interesserte i praktiske fag er feil, seier Steen.

Går alt etter planen reknar han med å kunne tak i bruk dei nye lokala rett etter årsskifte.