Rektor får ikkje jobben tilbake
Rektoren i Sogn som gjekk til arbeidsrettssak mot kommunen for å få jobben sin tilbake, vann ikkje fram i tingretten, skriv Firda. Mannen vart i 2012 dømd for å ha overgrepsbilete av barn på datamaskina si, ein dom han anka heilt til Høgsterett, der anken vart avvist. Rektoren gjekk vidare til sivilt søksmål mot kommunen der han kravde jobben tilbake.
Sogn tingrett har ikkje gjeve rektoren medhald i søksmålet.