Hopp til innhold

Dømt for overgrepsbilete på datamaskina – rektor krev jobben tilbake

Rektoren frå Sogn, som er dømd for å ha overgrepsbilete av born på datamaskina si, krev jobben tilbake. Denne veka starta arbeidsrettssaka han har tatt ut mot kommunen, der han tidlegare var tilsett.

Fjordane Tingrett

KREV JOBBEN TILBAKE: Oppsagt rektor krev jobben tilbake.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har no ein full gjennomgang av skuldingane mot han. Vi brukte ein av dei fremste tekniske ekspartane i landet, og meiner at påtalemakta ikkje har vore interessert i fakta i saka, seier Sigurd Klomsæt, som er advokat for den tidlegare rektoren.

Mannen var rektor ved ein skule i Sogn, og i 2012 vart han dømd for å ha sett på bilete av seksuelle overgrep mot born eller med seksualisert innhald. Høgsterett har tidlegare forkasta ein anke.

– Det er ikkje noko hindring for at vi skal få prøvd dei faktiske forhold i saka på ny og gjennom det syne at det ikkje har vore grunnlag for suspensasjonen og seinare oppseiinga, seier Klomsæt.

– Ei sak med berre taparar

– Dette er ei sak som no går for arbeidsretten, og eg kan ikkje gå inn og kommentere saka på det noverande tidspunkt, seier rådmannen i kommunen der rektoren tidlegare var tilsett.

–Korleis stiller kommunen seg til kravet om få tilbake jobben, eller i alle fall ein jobb i kommunen?

– Det kan eg ikkje kommentere medan saka går føre seg.

– Korleis opplevest denne saka for kommunen?

– Det er klart at ei personalsak av denne typen er svært krevjande. Ikkje berre for kommunen, men og for den som saksøkjer. Det er stort sett berre taparar i slike saker.

Varslar erstatningskrav

Sigurd Klomsæt

KREV ERSTATNING: Sigurd Klomsæt er advokat for den oppsagde rektoren frå Sogn.

Foto: Tom Ole Buaas

Advokaten til den oppsagde rektoren har stor tru på at dei skal nå fram, trass i at rektoren vart dømd i tingretten og at lagmannsretten forkasta anken.

– Eg har hatt tilsvarande saker tidlegare der folk har vore både dømde og fått avskjed, men der ein har fått tatt opp igjen saka og blitt frifunne i både straffesak og sivilsak, og fått tilbake jobben, seier Klomsæt.

– Kjem de og til å krevje erstatning?

– Vi har gjort krav på erstatning og såkalla oppreisning, der han skal ha betalt for den belastninga dette har vore. Summen der vil eg ikkje gå ut med på dette tidspunktet, seier Klomsæt.