Hopp til innhold

No startar blåisvandringa, ventar fleire tusen turistar

Ein tidleg vår gjer at allereie no kan starte blåisvandring på Nigardsbreen.

I dag startar blåissesongen på Nigardsbreen.

SESONGOPNING: Ei veke tidlegare enn vanleg er det duka for blåisvandring på Nigardsbreen. Biletet er teke fredag 2. mai.

Foto: Runa Abildgaard Sørensen

– Vi er om lag ei veke tidlegare ute enn vanleg med blåisvandring på Nigardsbreen. Det er fordi det er lite snø, og ein skal eit godt stykke opp før ein treff på snø frå i vinter, fortel Steinar Bruheim, som er dagleg leiar i Jostedalen breførarlag.

Allereie i dag kjem ein av turoperatørane med ei stor gruppe internasjonale studentar som skal få prøve seg på brevandring.

– Vi skal gå kring to timar på isen, og dei får gå ned i sprekkar, rundt istårn og høge veggar. Dei får oppleve ei rekkje ulike formasjonar og fargar på vandringa, seier den røynde breføraren.

9000 turistar går på blåisvandring kvart år

Også på sjølve breen har den milde vinteren og tidlege våren sett sitt preg. Bruheim meiner forholda på breen ligg tre veker føre det som er vanleg på desse tider.

Dei siste åra har kring 9000 turistar delteke på blåisvandring på Nigardsbreen. Og sjølv om sesongen startar tidlegare enn vanleg vil han ikkje spå kva betyding det får for sesongen sett under eitt.

– Det er vanskeleg å vite korleis det blir utover våren og sommaren. Majoriteten av dei som kjem er utlendingar, spesielt kjem det folk frå Tyskland og Nederland. Kor mange som kjem derifrå veit vi ikkje, men eg trur det teiknar til å bli eit ganske bra år.