Hopp til innhold

Fryktar ulukker i «den blå lagune»

Breførarane i Jostedalen fryktar ulukker i «den blå lagune». Stadig fleire tek seg på eiga hand inn i bregrotta under Nigardsbreen – utan å kjenne til farane.

Det er ikkje utan grunn at "Iskatedralen" under Nigardsbreen har fått namnet "blå lagune"

FASCINERANDE: Bregrotta under Nigardsbreen fekk først namnet iskatedralen. Den har no fått namnet «den blå lagune».

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Frank Optun Smedegård har ei årrekkje bak seg som breførar, og seier ei slik grotte som den mykje omtala bregrotta under Nigardsbreen kan vere livsfarlege.

I vinter har han sett fleire lokale, tilreisande og endåtil utanlandske ta den relativt korte turen frå parkeringsplassen og over brevatnet til attraksjonen ved bretunga.

– Det som kan skje er at is kan falle ned, og fell det ned ein kubikk så har du rundt rekna eitt tonn is i hovudet. Då har du dårleg odds mot deg, seier han.

– Fascinerande syn

Det er liten tvil om at det er ei stor oppleving å gå inn i bregrotta, som også vert kalla både «breporten» og «brekatedralen», som har vore flittig besøkt sidan den vart oppdaga i 2007.

Kvar sommar smeltar vatnet om den store opninga under isen, og kvar vinter openberrar det seg ei forandring. Optun Smedegård sluttar aldri å la seg begeistre.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video nsps_upload_2008_12_17_20_40_56_564.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ: Video frå «brekatedralen» i Luster.

– Det fargespelet du får inne i isgrotta er heilt enormt. Det er fascinerande, og også det som trekkjer folk inn. Når du kjem, står ute og ser fargane så blir du trekt inn. Som ein magnet, seier han.

Skummel magnet

Men det er ein skummel og farleg «magnet» for dei som ikkje veit kva farar dei skal sjå etter. Og det er spesielt ein episode som får Smedegård til å tenkje seg om.

Og dei har det vore mange av i år.

– Eg var framme ein søndag og då hadde det rasa ein del is frå taket. Eg hadde sett bilete på nettet som vart teke helga før. Dei som tok bilete stod akkurat der store ismengder låg, seier han.

Vurderer skilting

– Dette er ein attraksjon som breførarar tek betalt for å vise fram. Handlar ikkje dette om å beskytte næringa?

– Nei. Det handlar om tryggleik. Dei som går fram med breførar, gjer det fordi dei ynskjer tryggleik.

Jordbrukssjef Steinulf Skjerdal i Luster kommune deler uroa til Smedegård. Han kan likevel ikkje hindre nokon i å reise inn i grotta.

– Det er fri ferdsel til fots og på ski, så slik sett kan vi ikkje forby noko. Eg ser føre meg å kanskje få til skilting med informasjon om dei farar det medfører å gå inn under isen, avsluttar Skjerdal.