Hopp til innhold

Rekord for skisentera

Alle skisenter i Sogn melder om rekordar denne påska, skriv Sogn Avis. Dei to største, Sogndal skisenter og Sogn skisenter, melder om høvesvis 2000 og 500 besøkande dagleg i påska. – Besøkstala speglar klima, vêr og vind. Det er ikkje overraskande at påsken har vore veldig bra, seier dagleg leiar Rune Tørvi ved Sogn skisenter.

skikøyrar i hodlekve
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK