Hopp til innhold

Reiser til USA for å lage ny film

Filmskapar Frode Fimland skal igjen lage film om syskena Oddny og Magnar Kleiva. Denne gangen skal regissøren følge dei to når dei reiser til USA for å besøke slekt i Minnesota.

Frode Fimland

PÅ NYE EVENTYR: Magnar Kleiva, Frode Fimland og Oddny Kleiva set no kursen mot USA for å vitje staden der slektningane busette seg for over 100 år sidan.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fimland brukte tre år på den fyrste filmen om syskena, «Søsken til evig tid», og no kjem oppfølgaren.

– Det kjem ikkje til å ta like lang tid denne gongen. Filmen kan kome allereie før jul, fortel han.

No har syskena Kleiva bestemt seg for å reise til USA saman med slektningar, så dei blir 16 stykk i reisefylgjet. Filmskaparen trur det blir ei spanande reise.

– Dei har reist på stølen og det har vore ferien. Det å få oppleve USA, dit slektningane reiste på 1800-talet, det trur eg blir eit fantastisk møte, seier Fimland.

Den fyrste filmen nådde eit breitt publikum gjennom kinolerretet og tv-skjermane, Fimland seier det er vanskeleg å spå på førehand korleis det går med film nummer to.

– Eg har valt å ikkje tenke på det før vi kjem tilbake frå turen. Fyrst då ser ein kva historie som ligg der. Eg er nesten privilegert som får vere med på ei slik historie, det er store kontrastar, og det skal eg formidle, seier regissøren.

PÅ FERIE: Syskena Oddny og Magnar Kleiva plar feriere på stølen, men denne gongen skal dei ut å fly for fyrste gong. (FOTO: Heidi Lise Bakke)