– Det var veldig positiv respons på filmen, og mange hadde også spørsmål etter den første filmframsyninga, seier filmskapar Frode Fimland.
Filmen om søskenparet frå Naustdal er invitert til å delta på «Big Sky» som er den største dokumentarfilmfestivalen i midt-vesten. Kring 125 dokumentarfilmar deltek på festivalen som blir arrangert i byen Missoula i Montana.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Då vi fekk invitasjonen så tenkte eg at det kunne vere kjekt å vere til stades på ein slik festival, og ikkje minst sjå filmen bli vist i USA for første gong.
Eit annleis liv
Filmen handlar altså om korleis søskenparet Oddny og Magnar driv familiegarden på Kleiva i Sunnfjord. Og det heilt spesielle med dette er at dei driv garden i same tradisjon som generasjonar har gjort før dei.
- LES OGSÅ:
– Amerikanarane lar seg fasinere av det same som oss. At det går an å leve eit litt annleis liv, i den forstand at det materielle ikkje betyr så mykje. Søskenparet lever eit liv som var det vanlege for 40 – 50 år sidan.
Utgangspunktet for Fimland var å fortelje historia om Magnar og Oddny som lever eit liv veldig nær på naturen. Som gjer alt for å stelle fint med dyra sine.
– At det skulle ta av på den måten det har gjort, og bli den mest sette dokumentarfilmen på kino dei siste sju åra, og gode sjåartal på fjernsyn det hadde eg ikkje trudd.
- LES OGSÅ:
– Kva forventningar har du korleis filmen skal gjere det på festivalen?
– Eg har fått positive tilbakemeldingar frå andre filmskaparar som har sett filmen, men det er utruleg mange filmar som deltek. Men det er klart skulle den få ein pris så ville det vore kjekt.
Oppfølgar?
I filmen om søskenparet får dei besøk av slektningar frå USA, og får også ein invitasjon om å reise til Amerika på besøk.
– Eg skal faktisk besøke slektningane til Magnar og Oddny no medan eg er her borte.
– Kan vi vente oss ein oppfølgar der søskenparet reiser til USA?
– Det må dei avgjere, men bestemmer dei seg for å reise over så blir det ein oppfølgar.